|
|
Sanvolley-tap i sesongdebuten Den norske sandvolleyballduoen Christian Sørum og Svein Oddmund Solhaug tapte 0–2 i første kamp i verdsserieturneringa i Qatar.
Nederlaget kom mot mexicanarane José Luis Rubio og Josue Gaston Gaxiola. Dei vann duellen med settsiffera 21-16, 21–18.
Onsdag skal Sørum/Solhaug møte austerrikske Robin Seidl/Philipp Waller. Den kampen må vinnast om dei skal ha sjanse til å gå vidare i turneringa.
Turneringa i Qatar er i 4-stjernerskategorien og den første i verdsserien med norsk deltaking i år.
Sørum utgjer normalt ein frykta duo saman med Anders Mol, men Mol kan ikkje spele i sesongopninga på grunn av eit lite brot i lårbeinet. |
Publisert: 18:52 09-03-2021 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 09-03-2021 klokken 20:00. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/sanvolley-tap-i-sesongdebuten-1.15409651 Artikkelen har til nå hatt 149 visninger og 4 klikk.
|
|
|