|
|
Canadisk hockeylegende er død Den canadiske ishockeylegenda Guy Lafleur, som herja for Montreal Canadiens på 1970-talet, døydde fredag av lungekreft. Han vart 70 år gammal.
Lafleur hjelpte Canadiens til fem Stanley Cup-titlar, blant dei fire på rad frå 1976 til 1979.
«Den blonde demonen», som var eitt av hans tilnamn, var den første som skåra 50 mål i fem NHL-sesongar på rad. Han la overraskande opp som 33-åring i 1984, men lét seg lokke tilbake på isen og spelte då for New York Rangers og Quebec Nordiques. I 1991 gav han seg for godt.
Canadas statsminister Justin Trudeau var blant dei mange som hylla Lafleur då nyheita om hans død vart kjend.
– Hans hurtigheit, tekniske ferdigheiter og målteft var ikkje til å tru. Han inspirerte tallause Quebec-boarar, og ishockeyfans over heile verda. Vi kjem til å sakne deg, nummer 10, tvitra Trudeau. |
Publisert: 15:52 22-04-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 22-04-2022 klokken 18:19. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/canadisk-hockeylegende-er-dod-1.15940825 Artikkelen har til nå hatt 171 visninger og 3 klikk.
|
|
|