|
|
Sportsministeren gir Liverpool-fans hovudskulda for bråket – Det var opptil 30-40.000 personar, hovudsakleg britiske Liverpool-tilhengarane utan billett eller med falske billettar, som var hovudårsaka til bråket før meisterligafinalen i Paris laurdag kveld, seier Frankrikes sportsminister Amelie Oudea-Castera til radiostasjonen RTL.
Kampen måtte utsetjast i 35 minutt medan politiet jobba med å halde tilbake folk som ville trenge seg inn.
Fleire med gyldig billett greidde heller ikkje å kome seg inn på arenaen.
Ho har kalla inn til eit møte for å hindre liknande problem i framtida, melder nyheitsbyrået AFP. Sommar-OL blir arrangert i Paris i 2024.
Liverpool er på si side ekstremt skuffa over kva fansen vart utsett for.
– Dette er den største kampen i europeisk fotball, og supporterar burde ikkje måtte oppleve dei scenane vi har sett i kveld. Vi har offisielt bede om ei formell gransking av kva som skapte desse uakseptable problema, skreiv klubben i ei pressemelding. |
Publisert: 10:07 30-05-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 30-05-2022 klokken 10:07. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/sportsministeren-gir-liverpool-fans-hovudskulda-for-braket-1.15984001 Artikkelen har til nå hatt 175 visninger og 3 klikk.
|
|
|