|
|
Idrettsminister ber om unnskyldning Frankrikes idrettsminister ber om unnskyldning for dei 2700 tilskodarane med billettar som aldri fekk sett finalen i meisterligaen mellom Real Madrid og Liverpool.
– Vi er ekstremt lei for at dei ikkje kom seg inn på Stade de France, seier idrettsministeren Amelie Oudea-Castera.
Innanriksminister Gérald Darmanin seier at politiets resolutte innblanding hindra at det gjekk liv tapt utanfor stadion i timane og minutta før kampstart.
Darmanin erkjenner at enkelte polititenestemenn hadde brukt tåregass for å roe gemytta, men at dei ikkje kunne lastast for dette.
– Den avgjerda blei tatt for å redde liv, seier innanriksministeren.
I Storbritannia uttrykte ein talsmann for statsminister Boris Johnsen skuffelse over politiets handlemåte laurdag kveld.
– Vi er svært skuffa over korleis dei (Liverpool-supporterane) blei behandla, seier talsmannen, ifølge AFP. |
Publisert: 15:41 30-05-2022 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 30-05-2022 klokken 15:41. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/idrettsminister-ber-om-unnskyldning-1.15984614 Artikkelen har til nå hatt 193 visninger og 3 klikk.
|
|
|