|
|
Norsk skuffelse i verdscupopninga på Lillehammer – tre austerrikarar på pallen Ingen av dei norske hopparane hadde dagen under verdscupen og stor bakke, laurdag.
Austerrike dominerte og tok dei tre plassane på pallen. Daniel Tschofenig vann framfor Jan Hörl, Stefan Kraft blei nummer tre.
Marius Lindvik var beste nordmann og noterte 135,5 meter i fyrste omgang. I andre omgang blei det 122 meter. Han hamna til slutt på ein 16. plass.
– Det var tunge forhold. Men kan ikkje klage på det. Det var hoppinga som var får dårleg rett og slett, seier Lindvik til NRK.
Halvor Egner Granerud blei nummer 26, Benjamin Østvold blei 27 og Johann André Forfang blei 30.
Sistnemnde trudde ikkje ein gong han skulle klare å kvalifisere.
– Som alltid når ein ikkje klarer å hoppe bra, så blir ein skuffa og lei, seier han til NRK. |
Publisert: 16:45 22-11-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 22-11-2025 klokken 18:47. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/norsk-skuffelse-i-verdscupopninga-pa-lillehammer-_-tre-austerrikarar-pa-pallen-1.17663775 Artikkelen har til nå hatt 1 visninger og 0 klikk.
|
|
|