|
|
Enormt comeback då storfavoritten vann storslalom Julia Scheib var ein av førehandsfavorittane og innfridde då ho køyrde inn til siger i kvinnenes storslalåm i Kronplatz i Italia.
– Ho er bankers i storslalåm og ein av dei store OL-favorittane, sa Vsport sin kommentator, Henrik Jonassen, når ho kryssa målstreken.
Ho tok med det sin fjerde siger så langt denne sesongen i storslalåm.
Thea Louise Stjernesund låg på ein femteplass etter første omgang, og enda som nummer sju til slutt, 1.48 sekunder bak.
Italienske Federica Brignone var tirsdag tilbake i verdenscupen i alpint etter at ho pådro seg ein alvorlig skade i april 2025.
Brignone, som vann verdscupen samanlagt i både utfor og storslalåm i 2025, låg som nummer sju etter første omgang, og køyrde seg éin plass opp.
Madeleine Sylvester-Davik enda på 38.plass og kom ikkje med til finaleomgangen. Mina Fürst Holtmann kjørte ut i den første omgangen. Det er hennar fjerde renn på rad utan verdscuppoeng. |
Publisert: 13:35 20-01-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 20-01-2026 klokken 14:46. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/enormt-comeback-da-storfavoritten-vann-storslalom-1.17735599 Artikkelen har til nå hatt 1 visninger og 0 klikk.
|
|
|