|
|
Tottenham-kapteinen fekk raudt kort då Manchester United tok sin fjerde strake siger Eit Manchester United i storform tok imot eit skadeprega Tottenham på Old Trafford laurdag ettermiddag.
Kampen opna friskt då Mbeumo heldt på å sende heimelaget i føringa etter to minutt mot sin gamle trenar, Thomas Frank. Skotet stryk tverrliggar. Omgangen er jamn, der United har fleire gode langskot, men scoringane uteblir.
Fram til Cristian Romero vart utvist etter ein halvtime grunna ein stygg knottetakling på Casemiro. Dette er hans andre raude kort i ligaen denne sesongen, som betyr at han blir straffa med fire kampers karantene. Han mister kampane mot Newcastle, Fulham, Crystal Palace og Arsenal.
– Skammeleg – for å låne eit av Romero sine eigne ord frå eit av hans nylege utbrot. Dette er ei latterleg og farleg takling som kvalifiserer til direkte raudt kort. Kan han halde fram som kaptein i framtida? skreiv sportsjournalist Henry Winter på X.
– Nok ein gong sviktar Romero lagkameratar, fans og manager. Mykje meir press på Thomas Frank. Nede i ti mann, og no ligg Spurs under med eitt mål. Heilt hovudlaust av kapteinen deira.
Få minutt seinare kjem ein genistrek av eit hjørnespark frå heimelaget. Ballen blir slått lågt langs dødlinja, finn Mainoo som legg 45 grader ut til Mbeumo som kan breiside ballen ned i lengste hjørnet.
– Det er eit nydeleg og veltimet corner-trekk, seier Lars Tjærnås, Vsport ekspert, i pausen.
Like etter kvilen set United og Amad Diallo ballen i mål, men blir korrekt annullert for offside.
Manchester United styrte det meste av spel i andre omgang og dobla leiinga etter 82 minutt etter eit fint innlegg frå Dalot, stussa vidare frå Sesko, som Bruno Fernandes ekspederer i mål på bakarste stolpe. Hans 200. målpoeng i Manchester United.
Heimelaget vinn kampen 2–0 og Michael Carrick kan slå seg på brystet etter å ha tatt sin fjerde siger på rad som trenar for Manchester United. Dei ligg på 4. plass på tabellen, medan Tottenham ligg på 14. |
Publisert: 14:26 07-02-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 07-02-2026 klokken 16:38. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/tottenham-kapteinen-fekk-raudt-kort-da-manchester-united-tok-sin-fjerde-strake-siger-1.17759770 Artikkelen har til nå hatt 3 visninger og 0 klikk.
|
|
|