– Det var sinnssjukt kaotisk. Eg var sjanselaus, seier Boasson Hagen om innspurten på første etappe av Tour of Norway.
Med ein kilometer igjen gjekk terrenget nedover mot mål i Langesund. Det ga høg fart i hovudfeltet, som førte til at dei aller sterkaste norske spurtarane meinte at dei ikkje turde å gi alt då det flata ut i på eit trangt og relativt kort oppløp.
Storfavoritt Boasson Hagen enda på 38.-plass.
– Ein av dei farlegaste spurtane
Heller ikkje dei andre norske spurtarane var nær triumf.
– Det var nesten sjølvmordsspurt, seier Sondre Holst Enger.
– Var det for trangt?
– Folk kom som eit helvete bak i den nedoverbakken. Det er ein av dei farlegaste spurtane eg har vore med på, seier Holst Enger.
Tok ingen sjansar
Heller ikkje rutinerte Boasson Hagen ville ta sjansar.
– Eg vil jo helst komme gjennom løpet med all hud igjen på kroppen, seier Boasson Hagen, som også fortel at det var uaktuelt å risikere fall og skade allereie på første etappe.
Simone Antonini (Wanty), Håvard Blikra (Øster Hus-Ridley) og Trond Håkon Trondsen (Team Sparebanken-Sør) låg lenge i brudd på opningsdagen av Tour of Norway, men blei tatt igjen då det gjenstod rundt tre kilometer.
I finalen gjorde Reinart Janse van Rensburg (Dimension Data), Marco Marcato (Wanty) og Krister Hagen (forøk på å kvitte seg med hovudfeltet, men på kilometersmerket var forspranget spist opp av hovudfeltet som sette opp farten inn mot målgang i Langesund.
Australske Steele von Hoff (ONE Pro Cycling) vann massespurten.