Fersk måling: Sp held stand i Sogn og Fjordane

Berre nokre hundre stemmer skil Høgre og Sp i kampen om sistemandatet frå Sogn og Fjordane.

Sikker plass: At Liv Signe Navarsete (Sp) kjem på Stortinget frå Sogn og Fjordane har lenge vore klart. Berre få stemmer avgjer om ho får følgje av partikollega Steinar Ness. Her er Navarsete med Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum tidlegare i år.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Ei veke før valet ligg Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre an til å få representantar på Stortinget frå Sogn og Fjordane. Det viser BTs ferske meiningsmåling frå trivselsfylket, utført av Respons Analyse.

Men berre nokre hundre stemmer kan vippe Høgre ut og gjere Senterpartiet til ein endå større vinnar på valkvelden.

– 180 færre stemmer til Høgre eller 386 fleire stemmer til Senterpartiet er det som skal til. Det er dødt løp, seier meiningsmålingsekspert Johan Giertsen.

Skuffa Navarsete

Senterpartiet ligg framleis uvanleg høgt på målingane i fylket. Med 31,3 prosent er dei klart største parti, men for førstekandidat Liv Signe Navarsete er det likevel eit skår i gleda.

– Det er eit kjempeflott resultat. Men eg syns det er ganske ille viss ein vel å sende ein representant til Stortinget frå Høgre igjen. Her må me berre setje alle klutar til siste veka, seier ho.

Får Navarsete marginane på si side valkvelden, får ho følgje av Steinar Ness på Stortinget.

Høgre får 14,9 prosents oppslutning på målinga. Det er langt lågare enn 19 prosent som dei fekk i valet i 2013, men historisk likevel eit relativt godt resultat for Høgre i Sogn og Fjordane.

– Det er veldig motiverande, sjølv om me er så nær at me må gjere ein solid jobb siste veka, seier Frida Melvær, Høgres førstekandidat i fylket.

INNE: På BTs måling er Høgres førstekandidat Frida Melvær inne på Stortinget med eit nødskrik. – I desse tider skal me ikkje ta noko for gitt, seier ho.

Aps Ingrid Heggø er så godt som sikra ein plass på Stortinget etter valet. Likevel er ho ikkje heilt nøgd med 25,1 prosent på BTs måling, ein tilbakegang frå valet i 2013.

– Det er for lågt. Og eg skjønnar det eigentleg ikkje, for eg merkar ikkje at me er upopulære når eg er ute, seier Heggø.

Les også

Fekk du med deg denne? Ap splitta om vestlandsfylket i Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Høgre er i siget

Talekspert og Høgre-medlem, Johan Giertsen, merkar seg at Senterpartiet ser ut til å halde stand betre i Sogn og Fjordane enn i resten av landet, der resultata på målingane er begynt å falle.

– Men så er også dette absolutt kjerneområde for Senterpartiet.

Valkommentator gjennom mange år i Sogn og Fjordane, Knut Henning Grepstad, meiner derimot å sjå starten på ein negativ trend for Senterpartiet og samtidig ein opptur for Høgre.

– Sp kan sjå ut til å ha kome i toppform litt for tidleg samtidig som Høgre ser ut til å vere i siget. Resultata her samsvarer også med andre målingar i fylket. Men, eg må leggje til, Sp brukar å vere det partiet som er flinkast å mobilisere i slutten, seier han.

At Ap går tilbake meiner han heng saman med nasjonale trendar.

– Valkampen i Sogn og Fjordane i år har ikkje vore særleg konsentrert om spørsmål som er spesifikke for dette fylket. Sentralisering er viktig, men det er det også nasjonalt. Difor er nok regjeringsspørsmålet også det viktigaste for veljarane her, meiner Grepstad.

USIKKER: Venstres Sveinung Rotevatn har sete på Stortinget i fire år frå Sogn og Fjordane. No kan det halde hardt å forsvare plassen.

Ap og Sp er sikra

Sogn og Fjordane har berre fire plassar på Stortinget. Tre distriktsmandat og eitt utjamningsmandat.

Begge ekspertane reknar det for sikkert at Ap og Sp får kvart sitt mandat. Spenninga ligg difor rundt det siste faste, som berre Høgre har sjansen til å ta, og utjamningsmandatet, som dei andre partia må håpe på.

Kven som får det, vil avhenge av valresultatet nasjonalt. I 2013 gjekk det til Venstre og Sveinung Rotevatn. På BTs ferske måling får Venstre 3,6 prosent.

Det meiner Giertsen vil halde hardt til å få eit utjamningsmandat i Sogn og Fjordane. For at det skal skje må også partiet kome over sperregrensa nasjonalt.

– Dette er ei miserabel måling for Venstre. Me skal ikkje avskrive dei, men det ville vore gunstig for Rotevatn med meir enn 3,6 prosent, meiner Giertsen.

Publisert: