Hopp til innhold

Even Hovland: – Eg må få ein restart

SOGNDAL (NRK): Sogndal fotball stadfestar no at dei har signert Even Hovland i ein kontrakt som varer ut år 2020.

Even Hovland og Håvard Flo

KLAR FOR SOGNDAL: Even Hovland har 24 landskampar bak seg. No blir han på nytt Sogndal-spelar. Her saman med sportsleg leiar Håvard Flo.

Foto: Sogndal Fotball

– Eg må få ein restart. No har eg vore lenge utan kamptrening, og det treng eg for å kome tilbake på landslaget eller kome seg ut av Norge igjen. Sogndal var det beste alternativet for å få det til, seier Hovland til NRK.

No drøymer han om å kome opp at på eit nivå der han igjen blir attraktiv for større klubbar ute i Europa og ikkje minst, landslaget.

– No har eg motivasjon og lyst til å stå på vidare.

Solid midtstoppar

Sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo, er godt nøgd med at dei har fått Hovland til å signere på ein kontrakt som varer i over tre år.

– Vi er veldig glade over at Even no kjem heim til Fosshaugane Campus for ein periode. Han er ein av dei beste midtstopparane i landet, har internasjonal rutine, og vil gje klubben eit løft inn mot ein spennande haustsesong, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Even Hovland vil med sin rutine og veremåte på og utanfor bana vera ein som er med og dreg lasset og utviklar laget vidare, meiner klubben.

– For oss var det heilt naturleg at Even kom hit, når valet tilslutt landa på spel i Norge. Even er ein del av Sogndal Fotball, han er ein av oss og bygda. Me har ein lang historie i lag, seier Flo.

– Kjem inn som ein leiartype

Han legg vekt på at Hovland har signert ein langtidskontrakt.

– Vi skal ikkje leggje skjul på at dette har vore ein lang prosess, med ein del utfordringar for både oss og Even. Me er difor særs glade for at avtalen no er i hamn.

Det er eit felles mål at Even skal ut i verda på nye eventyr, opplyser klubben.

– No kjem Even inn som ein leiartype, han skal få tid til å spele seg opp på nivået me veit han har inne slik at han kan få sjansen til å reise på eit nytt opphald i utlandet, seier Flo.

Flytta heim frå Tyskland

Hovland fekk ikkje forlenga kontrakten med den tyske klubben Nürnberg, og det har dei siste vekene vore spekulert mykje i kvar han skulle halde fram karriera si.

På det norske A-landslaget står Even med 24 kampar. Sidan 2015 har han vore ein av dei mest nytta spelarane, og sist han var i aksjon var mot Sverige på Ullevaal Stadion tidlegare i sommar.

Etter at kontrakten med FC Nürnberg gjekk ut i sommar, har Even halde formen vedlike her i Sogndal som ein del av treningsgruppa.