Senterpartiet gjorde eit brakval i Sogn og Fjordane

– Tidenes stortingsval og heilt utruleg, seier Liv Signe Navarsete (Sp) om resultatet på over 28 prosent.

NESTEN 30: Senterpartiet gjekk fram kommune etter kommune i Sogn og Fjordane. – Eg er så spent no at eg nesten ikkje veit kvar eg skal ta vegen, seier listetopp for Sogn og Fjordane senterparti, Liv Sign Navarsete, her saman med Sps 4.-kandidat, Aleksander Øren Heen.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

– Vent litt, eg må berre sjå resultata frå Sogndal her.

Det jublar høgt i bakgrunnen. Sogndal er ferdig talt opp og Senterpartiet har sanka inn heile 32,5 prosent av oppslutninga. Listetoppen må unnskylde seg ut av salen for å høyre kva som blir sagt.

– Eg er heilt vanvitig spent. Vi har gjort ein fantastisk god valkamp og med dette har befolkninga tydeleg sagt ifrå at dei er lei av regjeringa si sentralisering, seier listetopp for Senterpartiet i Sogn og Fjordane, Liv Signe Navarsete.

 NEI TIL SENTRALISERING: – Dette er heilt utruleg! Men dette viser at folket seier nei til regjeringas sentraliseringspolitikk, seier Liv Signe Navarsete.

Måndag kveld låg Senterpartiet inne med heile 19 mandat. I Sogn og Fjordane fekk paritet 29,8 prosent, ei auke på 9,2.

– Kva trur du om sjansane til å få med deg Steinar Ness på Stortinget?

– Det står og fell på kor store Høgre blir. Men vi har ein heilt enorm framgang i heile fylket, og dersom vi gjer det godt på landsbasis, kan vi faktisk vere med i kampen om utjamningsmandatet også, seier Navarsete.

VALVINNAR: Senterpartiet med leiar Trygve Slagsvold Vedum kan seie seg nøgde med årets valresultat på over 10 prosent nasjonalt. Her er Senterparti-leiaren på valvake på Håndverkeren i Oslo.

Høgre fekk det tredje mandatet

Det har vore knytt stor spenning til det tredje mandatet i Sogn og Fjordane for Høgres listetopp Frida Melvær. Då 95 prosent av stemmesetlane var talt opp, kunne ho endeleg sleppe jubelen laus.

– Som nøgter Sunnfjording ventar eg med å sprette champagnen til det er heilt sikkert. Vi har jobba hardt dei siste vekene, og då er det spesielt kjekt å sjå at det betalar seg, seier Melvær.

Resultatet på 18,6 prosent var slett ikkje gitt. På fleire målingar låg Høgre i Sogn og Fjordane på låge på rundt 11 prosent.

 – ENDELEG: Det har vore eit tøff valkamp for Høgre i Sogn og Fjordane, men måndag kveld kunne Frida Melvær endeleg sleppe jubelen laus og kalle seg stortingsrepresentant.

– I 2013 gjorde Høgre eit historisk val her i fylket med vel 19 prosent. At vi no ligg tilnærma det resultatet er heilt utruleg, seier den nyvalde stortingsrepresentanten.

Sogn og Fjordane har tre faste mandat, og eit utjamningsmandat. Kampen om utjamningsmandatet vil kanskje ikkje bli klart før seint natt til tysdag.

Listetoppane som natt til tysdag var inne på Stortinget er Ingrid Heggø frå Arbeidarpartiet, Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet og Høgres Frida Melvær.

Totalt hadde Sogn og Fjordane 77,2 prosent frammøte veljarar og totalt 57.335 stemmer.

Les også

Asfaltering for sykkel-VM forsinket stemmetelling: – Det er skandale

– Kan sjå ut som Støre ryk

At Ingrid Heggø, listetopp i Sogn og Fjordane for Arbeidarpartiet, kom inn var ingen overrasking, men Ap gjekk tilbake i dei aller fleste kommunar.

Ved midnatt var resultatet til Ap 24,6 prosent, ned 3,5 frå 2013.

– Det ser dessverre ut som at det ikkje blir noko raudgrøn regjering, noko som eg sjølvsagt syns er veldig trist, seier Heggø.

– Men det er lov å håpe at vi tar igjen Høgre på oppløpssida, når landets storbyar er talt opp. Og vi er framleis det største partiet – både her og nasjonalt.

FRAMLEIS STØRST: – Befolkninga i Sogn og Fjordane plar å stemme likt med landets befolkning, noko dei også har gjort i år. Kva som har gått gale er for tidleg å seie, Ingrid Heggø (Ap).

Men i Høyanger gjekk det godt for Ap, med ei oppslutning på 38,6 prosent.

– Dersom valresultata i resten av landet hadde vore like gode som i Høyanger, hadde vi ikkje hatt noko å bekymre oss for, seier Heggø.

Usikkert for Rotevatn

Sveinung Rotevatn frå Venstre har hatt utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane dei siste fire åra. Vestre har hatt ein tung valkamp og har på fleire målingar vore under sperregrensa.

Dersom Venstre ikkje kjem over fire prosent, er ikkje Rotevatn med i lotteriet om utjamningsmandatet. Måndag kveld låg Venstre på 4,2 nasjonalt.

USIKKERT: Måndag kveld var framtida på Stortinget til Venstres Sveinung Rotevatn slett ikkje sikker.

– Dette gir Venstre ein veldig neglebitande kveld og natt. Vi ligg heilt på nippet på fireprosentgrensa så no er det berre å krysse fingrane og håpe vi kjem litt høgare over. Men eg er optimist og trur det kan gå. Eg har trass alt vore med på ein del val med Venstre og veit at ein ikkje bør konkludere for tidleg, seier Sveinung Rotevatn.

Måndag kveld låg Venstre på fire prosent, med ein nedgang på 2,4.

– Det er eit tal som er lågare enn det vi kan seie oss nøgde med. Men vi er framleis gode nok til å kunne vere med å konkurrere om utjamningsmandatet, seier Rotevatn.

Han er den einaste kandidaten frå Nordfjord som kan få plass på Stortinget.

– Vi visste at utgangspunktet var krevjande, men vi har gjort eit god valkamp og det viktigaste er no å kome over fire prosent.

Publisert: