Hopp til innhold

Ingen har fleire landskampar enn Sogndals nye stopparduo

Sogndals Even Hovland og Kjetil Wæhler kan slå i bordet med tilsaman 56 landskampar. Ingen stopparpar i Eliteserien har fleire kampar for Norge.

Even Hovland

NY KLUBB: Even Hovland er klar for ny klubb og håpar det vil føre til landslagsplass igjen. Her på benken mot Tsjekkia i juni.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Mandag blei Even Hovland med 24 landskampar for Norge klar for klubben frå saftbygda.

Frå før har laget hardhausen Kjetil Wæhler med 32 kampar med flagget på brystet.

No blir duoen truleg Sogndals nye midtstopparpar mot Haugesund på Fosshaugane på søndag.

Wæhler

HARDHAUS: Kjetil Wæhler blir lagkamerat med Even Hovland i Sogndal.

Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix

– Vi hentar ikkje Even heim for at han skal sitje på benken. Men han må gje «full gass» som alle dei andre på laget. Men vi tar ikkje ut laget gjennom media, smiler trenar Eirik Bakke til NRK.

– Fleire mulegheiter

I 2-1-tapet i vestlandsderbyet mot Brann gjekk Sogndal ut i ein 3-4-3-formasjon med Per Magnus Steiring (20), Kjetil Wæhler (41) og Reiss Greenigde (21) som tre midtstopparar bak.

Å bruke tre stopparar bak har vore Sogndals mest vanlege lagoppstilling denne sesongen.

Men Hovlands inntreden gjev trenar Eirik Bakke fleire strengar å spele på, og spele i ein 4-4-2-formasjon, med to midtstopparar.

– Å få inn Even gjev oss endå fleire mulegheiter og til å utvikle systemet vi har. Og vi kan spele i ein litt annan formasjon, med to bak, seier Eirik Bakke.

Draum om utlandet

Ingen andre stopparpar i Eliteserien vil ha fleire landskampar enn Sogndals nye slugger-duo.

Til samanlikning starta serieleiar Rosenborg med midtstopparduoen Tore Reginiussen og Jørgen Skjelvik med totalt «berre» 28 landskampar (22 + 6) i 0-2-sigeren over Strømsgodset.

Og fyller du på med Johan Lærdre Bjørdal (3 landskampar), så er det fortsatt langt opp til Sogndals nye superduo.

Even Hovland spelte sin hittil siste kamp for Norge i privatlandskampen mot Sverige (1-1) på Ullevaal stadion i juni.

Men Vadheim-karen blei vraka til VM-kvalikkampane mot Aserbadsjan og Tyskland etter ein klubblaus sommar.

Hovland

TILBAKE: Even Hovland er tilbake i Sogndal. Her mot Brann i 2011.

Foto: Tor Yttri / NTB scanpix

– Dette er ein «restart» for meg. Eg treng kampar for å kome tilbake på landslaget og i tillegg få vist meg fram med tanke på utlandet, som framleis er ein draum, seier Hovland, som ikkje fekk fornya kontrakta med Nürnberg i 2. Bundesliga.

Prestasjonskultur

For trenar Eirik Bakke er Hovland ein solid tilvekst til ei ung spelargruppe.

– No har vi Even og Kjetil som kan lære dei unge korleis dei skal opptre både på og utanfor bana. Vi er veldig glade for at han tok valet om å kome heim att, seier Bakke, som har eit mål om at 28-åringen igjen skal bli aktull for landslaget.

– Men i Sogndal betyr det ingenting kva du heiter eller kor gamal du er, det er kva du presterer som betyr noko. Og den prestasjonskulturen vil Even vere med å bidra i, seier Eirik Bakke.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal