Osloismen

Aust er aust, og vest er vest, og aldri skal dei to møtast.

  • Asbjørn Kristoffersen
    Asbjørn Kristoffersen
    Tidligere journalist i BT
OSLO: Når så mange fer, må folk som har betre vit, av og til fara etter.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Ka’ ska’ de no bort i dattaoslo! Tanta til osingen hadde sett ungdomar i hopetal søkja dekning i lodotten i nasjonens navle. Når så mange fer, må folk som har betre vit, av og til fara etter. Utvandrarane kan bli verande i Oslo. Dei kan jamvel finna på å feira syttiårsdagen sin inst i Oslofjorden. Tanter i Os og onklar i Balestrand må dra rett aust, om dei vil jodla i lodotten.

Aust er aust, og vest er vest, og aldri skal dei to møtast. Det skreiv den engelske diktaren Rudyard Kipling for meir enn hundre år sidan. Mykje taler for at han hadde rett. Vestlendingar som prøver å bli austlandske i hovudet, er lette å avsløra. Dei har for mange lågtrykk frå Island innabords til å bli assimilerte. Somme blir ikkje ein gong integrerte. Det finst dei som krev retten til å gå med sjøstøvlar og sydvest og til å syngja nystemten i det offentlege rom. Blir ikkje vestlandsekstremistane respekterte, er det fåre for at dei vil ty til hardingfela. Utvandrarar er mest fanatiske.

Tanta til osingen var så gammal at ho aldri trong kryssa Langfjella. Ho slapp å bli kulturkollidert. Ingen inviterte henne til dialog. Ho rakk ikkje bli multikulturell. Ho var så monokulturell at ho kunne blitt framandkulturell om ho hadde levd lenge nok. Hadde ho levd lenge nok, måtte ho ha reist til dattaoslo, ho óg. Hovudstaden er full av vestlendingar som fyller sytti år.

I vår globaliserte tid flaksar flya som kråkeflokkar att og fram over vasskiljet. Aust og vest må møtast i ein fram­forhandla nasjonal transport­plan for å kunna leva i eit bompengefritt fellesskap. Det store fleirtalet av austlendingar er fredelege folk, som arbeider og betalar skatt. Berre eit lite mindretal ønskjer å leggja ned alle lensmannskontor og alle Nav-kontor og alle sjukehus på Vestlandet, og tvangskonvertera alle vestlendingar til osloismen. Med region­reformar og elsyklar skal landet byggjast.

Publisert: