Keating og andre uforklarlege ting

Kor stor er sjansen for det, liksom?

FAKSIMILE: INSTAGRAM
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Eg har vore på nippet, men eg har aldri verkeleg trudd på lagnaden. Å tru på lagnaden inneber at ein trur at det finst ei styrande makt ein eller annan plass, som syter for at ting skjer, eller ikkje skjer. Men innimellom hender det ting som gjer at eg vaklar i mi overtyding om at slike makter ikkje finst.

Som då eg møtte kjærasten min til dømes. Ikkje berre viste det seg at ho brukar den same parfymen som eg, damevarianten, rett nok, ho er dessutan oppvaksen på ein gard som heiter Langeland. Kor stor er sjansen for det, liksom?

Det må vera lagnaden. Eg både tenkte og sa det. Slikt bidreg til romantikken når romantikken er på sitt aller mest romantiske.

Når eg no atter vaklar, er det fordi eg ein søndags morgon ganske nyleg opplevde noko heilt spesielt.

Eg vakna, og det første eg gjorde etter at eg slo opp augo, var å setja i gang med å nynna på ein song av den irske musikaren Ronan Keating, «Life Is a Rollercoaster». Ein gammal slager som eg alltid har likt, men som eg ikkje har hatt noko forhold til sidan eit svermeri ein gong på nittitalet. Nokon framskoten musikalsk favoritt har han heller ikkje vore. Likevel var det (tilfeldigvis?) nettopp hans song eg nynna på denne morgonen.

Det neste eg gjer, er å finna fram mobiltelefonen for å oppdatera meg på alt som har hendt i verda i løpet av natta. Eg skrollar nedover i BT.no, og så dukkar han forsyne meg opp! Ronan Keating! Han har vore i Bergen, og vandra gatelangs meir eller mindre inkognito. Og så imponert over det han har sett og opplevd vart han, at han finn grunn til å skamrosa byen vår på Instagram.

At eg for ein gongs skuld skulle syngja Keating til frukost, samstundes med at han faktisk er i nabolaget. Hæ!? Kor stor er sjansen for det, liksom?

Publisert: