– Vi treng å få eit rekneskap vi kan lite på fram til det ordinære forbundstinget i mars 2018, skriv Rye i eit ope brev.
– Vi har mottatt brevet og vil setje oss grundig inn i dette. Styret vil utforme ei gjennomarbeidd orientering som blir sendt til respektiv klubb, til øvrige klubbar og våre regionar, seier sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen.
Brevet er stila til alle organisasjonsledd som var representerte på tinget til NCF i 2016.
Der blir det gitt fire grunnar til kravet, mellom anna at styret held tal hemmelege, og ikkje vil at det blir stilt spørsmål.
– Vi fryktar at økonomien til den planlagde velodromen i Asker kan bli hemma ved at underskotet frå VM i 2017 indirekte kan bli belasta denne, skriv Rye i brevet.
– Sanninga har ikkje kome fram
Styreleiar Gunnar Andreas Gulliksen utdjupar kravet overfor NRK:
– Etter VM i Bergen har vi fått inntrykk av at sanninga ikkje har kome fram, og ein har ikkje vore opne om det som skjer, seier han.
– Leiinga har gått i skyttargravene i staden for å vere opne. Derfor meiner vi at nye folk må inn i NCF-styret.
Rye krev at det ekstraordinære tinget må velje eit nytt styre som skal sitje fram til neste ordinære forbundsting, og velje ny valkomité til det ordinære tinget i mars.
– Dei skjuler ting og unngår å fortelje kva som har skjedd. Vi saknar at dei spelar med opne kort, seier Gulliksen.
– Kvifor kjem dette initiativet så seint?
– Vi har diskutert om vi skal gå ut med dette eller ikkje, men kome fram til at vi må setje ned foten sidan det ikkje blir spela med opne kort.
Rye har ikkje vore i kontakt med andre klubbar før dei tok dette initiativet.
– Men det er eit samrøystes klubbstyre som står bak.
Skal Rye få medhald i kravet, må dei ha støtte frå organisasjonsledd som representerer minst ein firedel av dei som hadde røysterett på tinget i 2016.