Hopp til innhold

Obs-varsel om vanskelege køyreforhold i sør 

Snø og nullføre gir vanskelege køyreforhold i Agder, Telemark og Vestfold dei kommande dagane. Meteorologane har sendt ut obs-varsel for å åtvare bilistane.

Snøvær

Det kan kome mykje snø måndag kveld og natt til tysdag. Bilete er frå Oslo tidlegare i november.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Både på Sørlandet og i Telemark, Vestfold og Buskerud er det venta vanskelege køyreforhold på grunn av mykje snø.

I Vest-Agder er det både snø og temperaturar rundt null grader som kjem til å skape problem. Her må bilane vere skodd for forholda, og beredskapen må vurderast, melder Yr.no

I Telemark, Aust-Agder og Vestfold blir det mykje snø. Det kan komme 20–40 centimeter i løpet av tolv timar, og det meste kjem måndag kveld og natt til tysdag.

– Det er nødvendig å vere skodd etter forholda, formaner Yr.

Også elles på Austlandet er det venta ein god del snø, men her er det ikkje sendt ut obs-varsel.

Kan kome 30–40 centimeter snø

Kristian Gislefoss

Meteorolog Kristian Gislefoss spår vanskelege køyreforhold på grunn av mykje nedbør.

Statsmeteorolog Kristian Gislefoss trur det kan bli ganske vått ytst på kysten dei neste tolv timane frå klokka 18 måndag kveld.

– Det blir regn eller sludd. Men på dei stadene det kan kome mest, ser eg for meg at det kan kome opp mot 30–40 millimeter nedbør.

Det kan bli opp til 30–40 centimeter med snø.

Gislefoss seier at mesteparten kjem frå måndag ettermiddag kveld og fram til tysdag morgon.

Kulda kan halde ei stund

I Telemark vil det snø i det meste av fylket, men dei største mengdene vil kome i Skien og Porsgrunn, og opp til Notodden.

– I fjellområda vil det ikkje kome dei same mengdene med snø.

Gislefoss trur det alt i kveld vil bli problem i trafikken på grunn av snømengdene som kjem.

Snøen kan også bli liggande utover i veka, for det blir ein kaldare periode nå.

– Frå onsdag blir det ein del minusgrader, og det vil halde seg fram til helga. På søndag vil temperaturen stige litt igjen, men det er usikkert. For vi har også prognosar som fortel at kulda kan vare ei stund, seier Gislefoss.

Ifølge meteorologane vil det nemleg vere minusgrader døgnet rundt i dagane framover, slik at snøen vil bli verande ei stund, i motsetning til førre vekes snøfall, da det meste regnet bort i løpet av nokon få timar.