Hopp til innhold

Onsdag er det stor fare for snøskred

Det ligg unormalt mykje snø i fjella for årstida i store delar av Sogn og Fjordane.

NVEs snøskredvarslere ute i felt

FARE: Sjølv om det er fint vêr, kan fjellet vere svært lunefullt med ein snøskredfare på nivå tre.

Foto: Erik Johnsen

– I midtre og ytre strok ligg det meir enn normalt. Enkelte område opp i 200–300 prosent meir enn normalt, seier seksjonssjef for skredkunnskap i NVE, Aart Verhage.

Vêrskifte på gang

Aart Verhage

ÅTVARAR: Aart Verhage åtvarar mot stor snøskredfare onsdag.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Snøen har lava ned i fjellområda siste tida, til stor glede for toppturentusiastane. Men i kombinasjon med kraftig vind, byr det på utfordringar.

Onsdag er det venta vind av skiftande retning, ny nedbør og stigande temperaturar.

– Det er byrjinga på eit nytt lågtrykk som nærmar seg. Vinden vil auke på natt til i morgon, i første omgang kanskje opp i stiv kuling frå sør aust. Så ser den ut til å dreie sørvest på føremiddagen. Då får vi inn nedbør først som sludd og snø som fort går over til regn i låglandet, seier statsmeteorolog Frode Hassel.

Betydeleg snøskredfare

NVE sitt snøskredvarsel er på faregrad tre frå Voss til Sunnmøre.

– Det er betydeleg fare for laussnøskred og fokksnøskred, og både naturleg utløyste skred og skred utløyste av skiløparar, seier Verhage.

I varselet på varsom.no blir det opplyst at heng mot nord og nordvest er mest utsette. Der det ligg mykje laus snø i låglandet, kan det bli fare for våte laussnøskred i brattheng. Dei store flaka frå laurdagens kraftige vêr er venta å ha stabilisert seg.

Verhage minner om at det oftast er på faregrad to og tre det kan gå gale.

– Faregrad to og tre høyrest snilt ut, medan vi oftast melder faregrad fire når det er uvêr og få skiløparar ute. Det er absolutt grunn til å vere varsam det neste døgnet, seier han.