Oddny Fauske (77) og Elling Hornenes Skartveit (77)

– Det som har skjedd med meg, er eit eventyr. Nitten år gammal var eg elev ved Stend jordbruksskule. Ei av kjøkkenjentene der var Oddny. Den sommaren i 1959 gjekk me mange turar i lag, og eg vart veldig glad i henne. Ho i meg, også. Om hausten tok eg mot til meg og spurde: «Vil du bli kona mi, Oddny?». Ho såg på meg og svarte at ho likte meg godt, men kunne ikkje bli bondekone på Tysnes. Ho ville ta utdanning og bli barnepleiar. Sidan reiste eg heim til garden, men eg gløymde aldri Oddny. Det kom jenter forbi, men det stemde ikkje. Åra kom og åra gjekk. Eg vart verande åleine. Ein dag i oktober 2013 ringde telefonen. Det var Oddny. Eg heldt på å gå i taket, eg vart så glad! Det var uverkeleg. Ho ville gjerne treffa meg. Første møte var i Bergen nokre dagar seinare, og Oddny var akkurat like fin som eg hugsa henne. Me fann tonen med ein gong, og sidan gjekk det slag i slag. I sommar vart me mann og kone i Onarheim kyrkje, 58 år etter at eg fridde første gongen. Den gode kjensla frå ungdomen er komen attende, og som det står i songen Oddny skreiv til meg til bryllaupet: «Vi har lova kvarandre å leva alle dagar saman vi to.»

Publisert: Publisert:
Publisert: