Her hakkar dei laus stein frå rasrenna

Med eit Super Puma-helikopter, tusenvis liter vatn og fjellklatrarar med spett skal rasstaden i Sogn sikrast.

LUFTIG ARBEID: Tre fjellklatrarar frå Mesta Fjellsikring tok seg onsdag ned det bratte berget over fylkesveg 53, vest for Årdalstangen, for å hakke laus rasfarleg stein.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Torsdag 4. januar gjekk eit stort ras på fylkesveg 53 mellom Årdal og Fodnes i Sogn. Mange tonn med stein og jord fylte det meste av tunnelmunningen på vestsida av Finnsåstunnelen. Slik er det framleis, etter nesten ei veke. Håpet er å få opna att vegen før helga – så sant det planlagde sikringsarbeidet går som planlagt.

– Meldinga frå klatrarane i går var at forholda var svært krevjande. Det er mykje snø, stein og is, og rasfare, seier prosjektsjef Erik Brenne i Mesta Fjellsikring.

LUFTIG ARBEID: Ein av Mesta-klatrarane merkjer for helikopteret oppe i fjellsida over raset tysdag.

Onsdag ettermiddag seier byggjeleiar Rune Dvergsdal i Statens vegvesen at vegen kanskje ikkje lar seg opne som planlagt fredag.

– Vi har vore oppe i helikopter med geolog, og ser at det er veldig mykje laus stein der oppe. Det er meir enn vi trudde, seier Dvergsdal.

– Kan hende treng vi ein ekstra dag før vegen kan opnast. Vi tek ei vurdering når dagen er omme, seier byggjeleiaren.

VATN FRÅ LUFTA: Statens vegvesen og Airlift gjorde seg onsdag klare for å setje inn eit Super Pumpa-helikopter i reinskinga av rasstaden ved Årdalstangen.

Klatra mange hundre høgdemeter

Mesta Fjellsikring hadde både tysdag og onsdag tre menn oppe i bergsida, utstyrt med spett og sag, for å reinske rasrenna. Å ta seg opp frå nede ved vegen gjekk ikkje, på grunn av mykje stor og laus stein i fjellet. Løysinga vart å flyge arbeidslaget opp med helikopter. Men fjellsida er så bratt at dei måtte gå av helikopteret mykje lenger opp i fjellet, på ca. 1000 moh. Deretter måtte dei klatre nedover, med fortløpande sikring.

Les også

5300 årdøler ikke lenger innesperret

STORT RAS: Det er snart ei veke sidan raset gjekk vest for Årdalstangen. Nå håpar Statens vegvesen å få opna att vegen før helga.

– Dei hadde med seg 1500 meter med tau, og kom seg onsdag ned til 200 meter ovanfor staden der raset gjekk. Dei lagar festepunkt nedover, det er einaste måten å kome seg ned på. Terrenget er veldig bratt, seier Brenne.

Onsdag opplyser Statens vegvesen at arbeidslaget har kome seg ned til rasområdet.

Rivingskule og vatn

Parallelt med klatrearbeidet, har Statens vegvesen leigd inn eit helikopter som skal bruke vatn for spyle fjellsida rein for stein og lausmassar.

– Det er eit Super Puma-helikopter, som har ein vasstank som rommar 3500 liter vatn, seier Rune Dvergsdal, byggjeleiar i Statens vegvesen. Helikopteret er også utstyrt med ei rivingskule, som piloten brukar til å slå mot fjellsida.

– Det dei ikkje får laus med spyling, vil dei prøve å slå laust, seier Dvergsdal.

Det oppsto onsdag komplikasjonar då posen som løftar vatnet gjekk sund.

– Vi har nå fått han reparert her i Årdal, seier byggjeleiaren.

Les også

Ordfører: – Det er skremmende

STORT: Nesten heile tunnelmunningen på vestsida av Finnsåstunnelen ved Årdalstangen er fylt av stein og jord.

Handarbeid

Onsdag arbeidde klatrarane med spett lengst oppe i fjellsida, medan helikopteret brukte kule og vatn lenger ned.

– Arbeidet skjer for hand, med spett. Det er mogeleg at det også må sagast noko, seier byggjeleiar Dvergsdal om arbeidet til dei tre klatrarane.

Publisert: