Dette kan føre til ekstremvêr

Vinden aukar gradvis og kan bli farleg sterk til natta.

MOGELEG EKSTREMVÊR: Meteorologisk institutt har kalla inn ekstra mannskap på grunn av uvêr.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Heile Vestlandet kan vente seg full storm langs kysten og på utsette plassar i fjellet. Meteorologisk institutt sende laurdag ut Obs-varsel for Hordaland og Sogn og Fjordane.

Søndag har Vêrvarslinga trappa opp beredskapen til såkalla fase A, der ekstra mannskap følgjer utviklinga i vêret.

– Vi er redde for at vindkasta blir så sterke at dei vil gjere skade på hus og kraftlinjar, seier meteorolog Lars Andreas Selberg.

Sterkast nord på Vestlandet

Sterkast blir vinden i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag. Vinden er venta å auke utover dagen. I kveld og natt til måndag vil det blåse hardast.

– Det blir veldig mykje vind i fjellet. På de høgste toppane kan vinden kome opp i orkan styrke. Den sterke vinden i høgda kan slå ned, men det er vanskeleg å seie om det skjer eller ikkje, seier Selberg.

Vinden kjem frå sør og søraust og vil merkast i dalstrøk og fjordar som ligg utsett for denne vindretninga.

Nedbør slår særleg inn på Austlandet, der meteorologane vil sende ut OBS-varsel for stort snøfall.

Mellom høgtrykk og lågtrykk

– Det blir sterk vind. Særleg i kyststroka, seier meteorolog Cecilie Villanger, ved StormGeo laurdag kveld.

Ifølgje meteorologen kan vindkasta kome opp i 40 meter i sekundet enkelte plassar.

Uvêret skuldast eit lågtrykk ved Island og eit høgtrykk over Russland.

– Vi ligg midt i mellom. Det er dårleg nytt, seier Villanger.

Orkan ved Stad

Skal man tru prognosane, blir det opp mot sterk storm langs kysten, truleg orkan ved Stad.

– Den kraftigaste vinden vil kome seint laurdag kveld og halde fram utover søndagen, seier Villanger i Stormgeo.

Langs kysten kan ein vente seg vind på 20 til 25 meter i sekundet. Lengre nord på Vestlandet kan vinden kome over 30 meter i sekundet, ifølgje StormGeo.

– Nord på Vestlandet kan vindkasta kome opp i 40 meter i sekundet.

Villanger seier at utsette fjordar og dalar vil kunne få lokalt kraftige vindkast.

Sotrabrua utsett

Den aller verste vinden kjem nord på Sognefjorden. Også bergensdalen er utsett, ifølgje prognosane.

Meteorologen seier det vil bli store lokale skilnader.

– Nokon ligg i ly for vinden, medan vinden blir særs kraftig for andre.

I bergensområdet blir Sotrabrua særskilt utsett på grunn av sørleg vind.

– Det kan bli ganske guffent å køyre over.

– Dropp uteaktivitetane

Meteorologen seier at dersom ein har planar om å vere ute søndag, er det truleg best å revurdere dette.

– I alle fall søndag kveld.

Villanger seier uvêret vil roe seg måndag, men at ein kan vente seg sterk vind i byrjinga av den komande veka også.

Publisert: