Listhaug-saka handlar ikkje om ytringsfridom, men om evna til ytringsansvar | Odin Fauskevåg

Når evna til ytringsansvar manglar, blir politikk redusert til provokasjon.

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.


Listhaug måtte gå, men ho ser dette som eit forsøk på knebling av ytringsfridommen. Det viser at ho framleis ikkje forstår kritikken mot henne. Listhaug-saka handlar ikkje om ytringsfridom, men om evna til ytringsansvar. Når det manglar, blir politikk redusert til provokasjon.


Eit demokrati er basert på ei fungerande offentlegheit. Den skal gjere dei politiske alternativa synlege for veljarane slik at dei kan ta reflekterte val. Skal det skje, må offentlegheita ikkje berre baserast på ytringsfridom, men også på at politikarar tek ytringsansvar.

Les også

Slaget om ordene | Harald Stanghelle

Ytringsfridom er ein føresetnad for politisk debatt, men kan også utnyttast til usaklege eller krenkande ytringar, til dømes på sosiale medier. Først når den offentlege debatten er prega av ytringsansvar, blir offentlegheita demokratiserande. Dette ansvaret inneber å føre ein sakleg debatt der ein tek andres argumentasjon og standpunkt på alvor. Ein politisk debatt med ei slik argumenterande form, gir veljarane moglegheit til å ta informerte og reflekterte val.

Offentligheita kan bli mindre demokratisk

At Listhaug-saka starta med ei kontroversiell ytring på Facebook, er ikkje tilfeldig. Som eg drøftar i boka «Mediepedagogikk og mediekompetanse» (2018), er den digitale offentlegheita ofte prega av mangelen på ytringsansvar.

Med Facebook-ytringa si overfører Listhaug dette manglande ytringsansvaret på den politiske offentlegheita. Det er både kontroversielt og problematisk. Dersom ytringsansvaret blir svekka, kan offentlegheita bli mindre demokratisk.

Les også

Du er ikke blitt sensurert, Sylvi Listhaug. Du er blitt motsagt. | Anne Ingeborg Finsaas Reiestad

Ein snakker om kvarandre, ikke med kvarandre

Ei offentlegheit utan ytringsansvar reduserast til eit rom der politikarar viser seg fram, men ikkje diskuterer. Der det å grunngje politiske standpunkt blir erstatta av «lik og del». Der kjensler tek plassen til argumentasjon og fakta. Der ein snakkar om kvarandre, men ikkje med kvarandre. Der debatten handlar om provokasjonar, men ikkje politikk.

Listhaug måtte gå på grunn av manglande rolleforståing. Mangelen består i at ho definerer si offentlege rolle i lys av ytringsfridommen. Opposisjonen, som representerer folk flest, meiner politikarar også må vise evne til ytringsansvar.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.