Avmakt i nord

Finnmark har fått grei beskjed om at meininga deira ikkje tel, og at dei vert slått saman med Troms uansett.

TVANG: Kommunalminister Monica Mæland kan ikkje stoppe ein samanslåingsprosess som nasjonalforsamlinga har vedtatt. Men ho ser ikkje eingong behovet for å vere entusiastisk.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Regionreforma skulle flytte makt. Då ni av ti innbyggjarar i Finnmark stemte nei til samanslåinga med Troms i førre veke, kjente dei nok mest på avmakta. For dei kunne stemme som dei ville, samanslåinga skjer uansett.

Regjeringas handtering av samanslåinga i nord er ei smertefull påminning om at regionreforma er mislukka og inkonsekvent. Vestlandet er blitt splitta og Austlandet har fått eit gigantfylke frå Hardangervidda til Sverige, men som omgår Oslo.

Då Rogaland og Møre og Romsdal sa nei, slapp dei unna. Finnmark vert tvinga, og ingen har eit godt svar på kvifor det skjer.

Les også

Morten Myksvoll: «Kranglinga om kraftpengane viser at det ikkje ville blitt noko av Vestland fylke i dag.»

To av tre regjeringsparti er imot heile fylkesnivået. Det kan forklare den mildt sagt manglande entusiasmen frå sentralt hald. Kommunalminister Monica Mæland (H) seier beint fram at regionreforma ikkje er eit regjeringsprosjekt. «Dette er en regionreform som er initiert av Stortinget, som er vedtatt av Stortinget, og som regjeringen følger opp», sa Mæland til Stortinget i mars.

Mæland har jo rett, men det er samtidig vanskeleg å lese det som noko anna enn ei undergraving av reforma.

Regjeringa kan ikkje overprøve Stortinget. Mæland kan ikkje stoppe ein samanslåingsprosess som nasjonalforsamlinga har vedtatt. Men ho ser ikkje eingong behovet for å vere entusiastisk.

Folkerøystinga i Finnmark har vore ein offentleg finansiert protestaksjon. Stortinget har vedtatt samanslåinga i to omgangar, og då skulle ein tru at saka var ferdig. Det overveldande nei-fleirtalet på 87 prosent vil fungere som eit press på spesielt KrF, men vedtaket vert neppe endra.

Kommunalministeren har allereie forkasta folkerøystinga. – Vi har ikke et politisk system der lokale folkeavstemninger overprøver stortingsvedtak, seier Mæland til Finnmark Dagblad. Det har ho jo rett i.

Ser me på resultatet av røystinga, så er den nedslåande for regionreforma. For valdeltakinga var høg. 58 prosent av finnmarkingane stemte. Det er imponerande mange, faktisk fleire enn ved sist fylkestingsval.

Det er samtidig litt forstemmande. Fleire finnmarkingar har altså sterke nok meiningar til å gå til valurnene mot samanslåing, enn når ein skal bestemme kven som skal styre fylket.

Men folkerøystinga kan ikkje leggjast til meir vekt enn at den er eit sinnebarometer. Vedtak som er fatta i Stortinget skal gjennomførast.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Maktflytter Mæland

Dei som sit i Oslo og kjempar mot at makt skal flyttast andre stader, har fått servert eit nytt trumfkort av regjeringa. Oppgåvene som dei nye fylka får, må vere basert på kva det minste fylket kan handtere.

Talet på innbyggjarar er eitt mål. Der har reforma skapt eit monster av eit fylke i aust, som ikkje kan samanliknast med dei mindre regionane. Spesielt ikkje det føreslåtte Troms og Finnmark fylke. Men dette argumentet er verken blitt svekt eller styrkt av folkerøystinga.

Viss tusenvis av arbeidsplassar skal flyttast ned frå staten til fylka, så må fylka vere i stand til å handtere dei. Kor velfungerande blir eigentleg eit fylke som oppstår i eit så trøblete farvatn? Det er dét som er trumfkortet Oslo-sentralistane har fått servert.

I motsetnad til regionreforma, vart kommunereforma godt gjennomført. Mange kommunar slo seg saman, både frivillig og med tvang. Regjeringa ivra for reforma, og det såg ein igjen i det politiske handverket. Dei ivra så mykje at dei òg har vore heilt klar på at prosessen ikkje er over.

I kommuneproposisjonen som kom førre veke, foreslo regjeringa å halde fram med å gi pengar til kommunar som vil slå seg saman.

At ein kommune overlevde den førre prosessen, betyr ikkje at den overlever den neste. Og den neste runden kjem nok raskare enn folk (og kommunepolitikarar) anar.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev hver onsdag ettermiddag. Meld deg på her.

Publisert: