Krev reduksjon av lakseoppdrett i Hordaland

Havforskningsinstituttet har funne mykje lakselus på laks og sjøaure på Vestlandet i vår. No krev Norges Jeger- og Fiskerforbund reduksjon i oppdrett.

RAUDT LYS FOR LUS: Laksefiskarar i Oselva finn lus på mykje av fisken dei tek opp. No krev Norges Jeger- og Fiskerforbund reduksjon i lakseoppdretten i Hordaland.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

– Det er ein god del lus på nesten all laksen vi får. Han som var her før meg i dag, fekk ein laks på fem kilo, med lus, fortel Nils Ekerhovd.

50 år

Han er 77 år, og har fiska i 50 år i Oselva. Joachim Lynard står eit stykke lenger opp i elva, og har fiska her i tre dagar, også han utan hell.

– Det har vore lakselus på både sjøaurane og laksane eg har fått her i elva tidlegare, fortel han.

50 ÅR MED ERFARING: Nils Ekerhovd (77)  har fiska i Oselva sidan han var 26 år.

Vil ha lukka oppdrettsanlegg til sjøs

Laksefiskarar i Hordaland fekk tysdag beskjeden mange har frykta. Havforskningsinstituttet melder om mykje lakselus på Vestlandet i vår.

Prosjektleiar for villaks i Norges Jeger- og Fiskerforbund, Alv Arne Lyse, krev stopp i produksjonsveksten. Han meiner at ein må vurdere ein reduksjon av produksjonen i Hordaland, om dei dårlege resultata held fram.

– Trafikklyssystemet som regjeringa innførte i 2017, er klar i sin sak. Når det kjem dårlege resultat for andre året på rad, må ein fryse produksjonsveksten og eventuelt redusere produksjonen av oppdrettslaks, seier Lyse.

Trafikklyssystemet går ut på at miljøpåverkinga til oppdrettsanlegga ligg til grunn for kapasitetsjusteringar i produksjon. Ved grønt og raudt lys aukar eller minkar produksjonskapasiteten med seks prosent, ved gult blir den frosen.

– Problematikken i Hordaland, med raudt lys igjen, krev alternativ tankegang. Det er blitt gjort solid forsking av Havforskningsinstituttet, og ein bør vurdere lukka anlegg i sjø, seier Lyse.

– Urealistisk med lukka anlegg

Regionsjef for havbruk vest i Sjømat Norge, Hans-Inge Algrøy, meiner Lyses forslag om lukka anlegg i sjøen verken er realistisk eller eit mål for oppdrettsnæringa.

– Teknologien for å få det til er ikkje god nok. Lukka anlegg manglar konkurransefortrinna vi har i Norge, seier Algrøy.

Han meiner at det allereie er eit strengt nok regelverk kring bekjempinga av lakselus.

– Det er strenge krav til oppdrettsanlegga. Ein kan ikkje ha meir enn ei lus for kvar femte fisk. Eg trur ei av årsakene til at det er mykje lus no, er den varme våren, seier Algrøy.

  KREV TILTAK: Prosjektleiar for villaks i Norges Jeger- og Fiskerforbund, Alv Arne Lyse.
Les også

Byens Petter Smart mener han har funnet opp maskinen som kan ta knekken på lakselus

Finvêr fører til dårleg fiske

Det triste er at dette kjem i tillegg til ein allereie dårleg sesong for fiskarar langs kysten, fortel Lyse.

– Varmt vêr og lite nedbør fører til lav vasstand og dårleg fiske i mange elvar. I indre strøk er fisket mindre prega av desse to faktorane på grunn av snøsmelting. Det går i beste fall mot eit middels fiske på Vestlandet i år, seier Lyse.

TILBAKE FOR ANDRE GONG: Joachim Lynard trivst godt i Oselva.

Blant fiskarane langs Oselva er likevel humøret på topp. Trass i dårleg vêr og lus på fisken.

– Fisket har vore dårleg, men no regnar det, så då nappar han nok snart. Det var lus på fisken eg tok i fjor, men i år har eg ikkje fått noko enno. Så vi får sjå. Eg er glad likevel. Her slepp eg kjas og mas. Å få fisk er berre ein bonus, seier Joachim Lynard.

Publisert: