Droppar heimelekse, får betre karakterar

Det er tid for avslutning og vitnemål. På Kvåle skule i Sogndal gjer elevane det betre enn snittet. Nesten utan heimelekser.

HØG TRIVSEL: «Vi gjer alt, alt for Kvåle», syng tiendeklassingane medan foreldra festar avslutninga på mobilane. Elevane har litt fysisk aktivitet kvar dag og studietid i klasserommet. Elevane i Sogndal kommune rapporterer om mykje høgare trivsel enn det som er vanleg i Norge. Her trivst 80 prosent svært godt på skulen, mot 65 prosent nasjonalt.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Dansen går heftig på scena i aulaen. Det er avslutning for tiande trinn på Kvåle skule i Sogndal og Justin Bieber på full guffe.

Dei to dansarane har god grunn til å danse og feire. Kari Eggum Talleraas (16) og Anneli Fjelltun Øyre (16) veit at vitnemålet blir fullt av femmarar og seksarar.

DANSEHOBBY: Under plakaten «Mot – ta egne valg!» dansar Kari Eggum Talleraas og Anneli Fjelltun Øyre til ein miks som munnar ut i «Where are Ü now» av Justin Bieber. Begge er instruktørar i Dans utan grenser.

– Aldri lekser heime

Sogn og Fjordane scorar høgt på nasjonale prøvar og karakterstatistikkar. Nesten alltid ligg dette fylket i toppsjiktet. «Paradokset i Sogn og Fjordane», som det blir kalla, har vore forska på av fleire. Paradokset handlar om at elevar som gjer det godt på skulen, som regel har høgt utdanna foreldre. Men i Sogn og Fjordane har foreldra lågare utdanning enn skuleresultata skulle tilseie.

resultata frå Ungdata-undersøkinga kom i vinter, dukka eit anna paradoks opp: Elevane har høgare karaktersnitt, men brukar mindre tid på lekser enn snittet i Norge. Særleg Sogndal kommune merkar seg ut. Der brukar berre 33 prosent av elevane minst ein time på lekser kvar dag, medan snittet i Norge er 48 prosent.

– Eg har nesten aldri gjort lekser heime, seier Anneli Fjelltun Øyre i 10c.

– Eg lagar presentasjonar og øver til prøver heime, men elles gjer eg alt på skulen. Dei fleste gjer det slik, fortel Kari Eggum Talleraas i 10b.

Snart skal ho få lys, plaster og viskelêr av kontaktlæraren sin. Men først må vi høyre på rektor.

 LITE HEIMELEKSE: Anneli Fjelltun Øyre (til v.), Kari Eggum Talleraas og dei andre elevane på Kvåle skule bruker mindre tid på lekser enn snittet i Norge. – Eg har nesten aldri gjort lekser heime, seier Anneli.

Sogndal endestasjon?

– Nederlagi kjem, kvar dag er ikkje ein siger. De må lære å takle oppturar og nederlag, seier Kjetil Sønnesyn i sin tale.

Han rosar elevane for god arbeidsinnsats og godt samarbeid. Når rektor sender av garde eit nytt kull tiendeklassingar, plar han samanlikne ferda deira med ein togtur. I grunnskulen har dei køyrd lokaltog med små endringar på passasjerlista. No skal dei ut på ein togtur med endra passasjerliste og mange ulike reisemål.

– Eg håpar nokre av dykk tek turen tilbake og får Sogndal som endestasjon. Kanskje som ny banksjef, hotelldirektør, elektrikar eller bonde, seier Sønnesyn, før dei tre klassane går til sine rom for å halde fram feiringa av ti fullførte skuleår.

OVER SNITT: Elevane på Kvåle skule får stort sett gode resultat, og i fjor låg dei over det nasjonale karaktersnittet. Men Sogn og Fjordane har ikkje lenger fast plass på karaktertoppen, påpeiker rektor Kjetil Sønnesyn.

Studietid og «fysak»

Medan kaker og smørbrød blir sette fram, greier rektor ut om statistikk. Han er ikkje einig i at elevane på Kvåle skule gjer så lite lekser. Då dei svarte på kor mykje tid dei brukar på lekse i Ungdata-undersøkinga, trur han dei tenkte på heimelekser.

På denne skulen har elevane fysisk aktivitet (fysak) kvar dag og studietid i skuletida. Skuledagen er utvida med nokre få minutt for å få dette til, og for at timeplanen skal stemme med bussruta.

Kvar tysdag og torsdag har Kari, Anneli og dei andre tiendeklassingane brukt 25 minutt på å gjere lekser i klasserommet. Der kan dei få hjelp av kvarandre eller av ein lærar.

SKIPPERTAK: – Eg har sterk tru på skippertak, seier Sverre Tangen (til v.). Verken han, Tormod Heggestad eller Anneli Fjelltun Øyre gjer mykje lekser heime.
 STUDIAR: Kari veit ikkje heilt kva ho skal bli, men ho er sikker på at ho vil studere etter vidaregåande.

Elektro mest pop

– Lekser, kva var no det igjen?

Slik svarar Ulvar Tufte (16) då BT spør ein gutegjeng i 10c om kvar dei gjer lekser.

Det kjennest kan hende ikkje som ekte lekser, når ein kan gjere arbeidet på skulen.

– Viss ein er effektiv, rekk ein å gjere alt på skulen. Eg har sterk tru på skippertak, seier Sverre Tangen (16) med eit smil over kakefatet.

Han har elektrolinja på Sogndal vidaregåande skule øvst på si liste. Det er den mest populære linja i fylket. Normalt må ein ha rundt 4,4 i snitt for å kome inn, fortel Sverre. Det er med andre ord enklare å få plass på den skulen ein vil her enn til dømes i Bergen.

At Kari og Anneli er sikre på å få plass på studiespesialiserande, har ikkje lagt dempar på innsatsen. Å sette seg mål som ein når, gir meistringskjensle og motivasjon. Dessutan må ein jo ha med seg kunnskap vidare i utdanningsløpet, meiner dei. Kari er usikker på kva retning ho vil ta etter vidaregåande, men er sikker på at ho vil studere. Anneli har ein førebels plan om å bli lærar.

SAMANSETT: Kontaklærar Reidun Bøyum Foss synest det er vemodig å ta farvel med dei 26 elevane i 10b. Forklaringa på gode resultat ligg ikkje i samansetninga i klassen, den er ganske vanleg og har mellom anna tre elevar med kort fartstid i Norge, fortel ho.

Respekt for læraren

Læraren nyt stor respekt i Sogn og Fjordane. Det er ei av forklaringane på gode resultat og på «paradokset». Andre forklaringar på «paradokset» er foreldre som er engasjerte i skulen, fleire små skular og at nynorsk som hovudmål gjev læringsfordel. Dessutan forventar jentene å gjere det betre på prøver enn jenter i andre fylke. Høg forventning aukar faktisk sjansen for betre resultat, fortel forskarar til Utdanningsnytt.

Sogn og Fjordane er ikkje alltid best, og statistikken har flata litt ut dei siste åra, påpeikar rektoren på Kvåle skule. Men han meiner ordninga med studietid på skulen fungerer bra og gjev gode resultat for Kvåle-elevane.

SISTE KLASSEKAKE: Foreldre i Sogn og Fjordane er engasjerte i skulen. Til avslutninga på Kvåle skule hadde dei laga mange fine kaker.

– Meir effektive

Det er også erfaringa til Reidun Bøyum Foss, kontaktlærar i 10b.

– Dei blir meir effektive når dei gjer lekser på skulen og leverer vanlegvis det dei skal, til avtalt frist. Dessutan kan dei få hjelp av ein lærar om det er noko dei ikkje forstår. Det er jo slett ikkje alle som får pedagoghjelp til leksene, så dette har nok innverknad på resultata, seier ho.

Foss synest alltid det er litt vemodig å ta farvel med elevane etter tre ungdomsskuleår. I år gjer ho det med ein tale, ein liten mimrefilm og ei gåve til kvar av dei 26 elevane i 10b. Alle får ein lykkepose med elleve ting i, mellom anna eit lys ein kan tenne når livet kjennest litt mørkt. Eit plaster når ein er såra. Eit viskelêr til å viske bort feil.

Ei symbolsk gåve til «ein herleg gjeng», ifølgje læraren.

FEST I 10c: Anneli Fjelltun Øyre og Mathilde Agledal (16) med veslebror Theodor på siste kakefest med klassen.

I rommet der 10c har fest, er Anneli i ferd med å gjere pc-en klar for film med gode minne samla av kontaktlæraren hennar.

På tavla står det «gode venner er som stjerner. Det er ikkje alltid du ser dei, men du vet de er der». No veit Kari at ho får gode karakterar, ferie og endå betre tid til å danse.

Publisert: