Omsider skin sola i nord!

På fire julidagar har Tromsø hatt nesten like mange soltimar som på 30 dagar i juni. Litt sol på torsdag også, så går Ishavsbyen forbi.

Bading på Lathari i Alta

BADETEMPERATUR: Kanskje vert det også badetemperatur i nord?

Foto: Gyda Hesla/NRK

Vêrmessig var juni ein trasig månad i nord. I sør fall den eine varmerekorden etter den andre, medan folket i nord fekk ny nedbørsrekord og eit rekordlågt tal soltimar.

Juli lovar betre. I alle fall så langt.

Endeleg sol!

Fire dagar inn i juli har Tromsø hatt nesten like mange soltimar som det byen hadde på 30 dagar i førre månad. Alt i morgon kan juli ha passert juni på sol-statistikken!

Laster Twitter-innhold

Juni er normalt ein fin månad å sjå midnattssola, men i år har ho knapt dukka opp. Til saman var det berre målt 58 timar sol i juni. Det er langt under normalen på 221 timar.

– Sola gløttar fram, så akkurat no har talet kravla opp til 47,9 soltimar. Målaren oppdaterer seg kvar time, så den aukar gradvis, seier statsmeteorolog Ida Fossli.

Dei følger spent med, og det er gode grunnar til å vere optimist, for i morgon vert det sol nesten frå nord til sør i Noreg.

Starten på finvêret også i nord?

– Torsdag vert det generelt veldig fint vêr i heile landet, bortsett frå aust i Finnmark der det heng att litt skyer, seier statsmeteorologen.

Ida Fossli

NORDAVINDEN: Problemet til Tromsø er at det ofte kjem solgangsbris. Nordavinden kan slå inn, og plutseleg er det kaldare enn venta, seier statsmeteorolog Fossli.

Foto: Petter Strøm / NRK

– Av dei nærmaste dagane vert torsdag finast! I Indre Troms, på Finnmarksvidda, og også enkelte plassar i Nordland vert det nok eit par og 20 grader. Fredag ser også grei ut, men til helga vert det litt nedbørstendensar, spesielt over Troms.

I nord må altså dagen nytast, for det er ingen klare teikn til at det no går mot varige fine tider i nord.

– Det skal berre bli «heilt greitt»! Men vi håpar det kan kome fleire fine dagar både i juli og august, seier statsmeteorologen.

Shortsvær i Tromsø

TORSDAGSVARMEN: Slik vert temperaturane i morgon!

Foto: @Meteorologene

Finvêret vil ikkje forlate Sør-Noreg

Det er ikkje berre velstand austanfjells. Skogbrannfaren er urovekkande stor, grunnvassnivået søkk, og bøndene går ei fôrkrise i møte.

Men regnet er framleis ikkje i sikte og sola held fram med å steike.

– Det skulle gjerne ha kome litt nedbør, spesielt på Austlandet, men det vert tørt også framover, seier statsmeteorolog Ida Fossli. Ho legg til at temperaturen framleis kjem til å sirkle rundt 25 til 27 grader, men at nokre plassar nok vil kjenne på 30 grader.