– På kort sikt er det ei bra løysing, men på lang sikt er det ikkje det, i og med at den eine er 34 år og den andre 35, seier Vidar Vadseth, leiar av Saftkokaradn.
Måndag vart
Trenar Eirik Bakke sa då at det var med ilt i magen at dei slepp ungguten frå seg.I løpet av gårsdagen vart det klart at
og kjem til saftbygda.Sportsleg leiar Håvard Flo er overtydd om at både Olsen og Riise blir viktige.
– Vi har fått inn to flotte typar. Dei har rutine og har vore med på mykje.
– Vi skal gje dei unge moglegheita
, blant anna Even Hovland, Rune Bolseth, Henrik Furebotn og Mats Solheim. No er det berre og igjen.
Blant supporterane har det difor ulma etter salet av det unge, lokale talentet Hove. Også supporterleiaren er skeptisk.
Han tolkar det til at Sogndal satsar hardt på å rykke opp til eliteserien i år. Med det som mål er det ei god løysing å hente veteranane. Men framtidsretta er det ikkje, meiner Vadseth.
– Berebjelken til Sogndal skal vere at vi skal utvikle våre eigne. Vi skal vere eit springbrett, tene pengar på dei og vi skal gje dei unge moglegheita, spesielt dei lokale.
- Les også:
Opnar for forlenging
Etter salet av Hove nekta Flo for at det var eit teikn på at dei er på veg vekk frå den lokale profilen.
– Nei, det trur eg ikkje. Vi har veldig fokus på ein sterk profil, sa Flo måndag.
Etter nysigneringa i går, vil Flo ikkje svare meir om salet av Hove.
– Kor framtidsretta er det å hente to spelarar i midten av 30-åra på relativt korte kontraktar, så let de ein lokal 17-åring gå?
– No er vi ferdig med Johan Hove, det har eg sagt nok om. Bjørn Helge har ein avtale ut året, medan Trond har ein litt lenger avtale. Eg er ikkje redd for dåpsattesten deira, langt ifrå. Vi ser både i eliteserien og elles i fotballen at godt vaksne mannfolk gjer ein fantastisk jobb, og det er eg sikker på at begge desse skal gjere for oss. Det kan også vere at dei blir hos oss lenger, seier Flo torsdag.
Nysigneringane er klar på kva dei vil i saftbygda.
– Målet mitt er å bidra i kvar einaste kamp, og få Sogndal opp i eliteserien, seier Riise.
– Sogndal er gode nok til å rykke opp i år. Det har eg og eit sterkt ønske om, og er klar for å gjere jobben, seier Olsen.