Hopp til innhold

– Vi hadde nokre urolege gjester som skulle vidare, ja

Fleire gjester sperra opp augo sine då dei vakna søndag morgon og såg ut vindauga på Sognefjellshytta.

Sognefjellshytta

SNØFALL: Ein del gjester fekk nok ein brå start på morgonen då dei såg det kvite teppet rundt Sognefjellshytta i dag.

Foto: Råmund Mundhjeld

– Det kom kring fem centimeter snø i natt, men det er tørt i vegbana no, seier dagleg leiar Råmund Mundhjeld.

Snø på Sognefjellshytta

VEGBANA: Slik såg det ut ved Sognefjellshytta klokka 08 søndag.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

For fylkesvegen forbi turisthytta 1.434 meter over havet var kvitdekt i 08-tida søndag morgon. For ikkje å snakke om markane rundt.

– Vi er no i slutten av august, men sjølv om det ikkje er heilt uvanleg, så er det ikkje så normalt. Eg har faktisk vore med å måka snø i juli. Det var ekstraordinært, seier Mundhjeld.

– For dei som ikkje er vande med slike ting, så vart det kanskje litt uro på morgonkvisten, legg han til.

Meir snø til natta

Frode Hassel

MEIR SNØ: – Snøfall i august kom ikkje akkurat uventa. Det var varsla, og det skjer av og til over 1.200 meters høgde. Men det går mot stigande temperaturar, seier statsmeteorolog Frode Hassel.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Statsmeteorolog Frode Hassel er ikkje akkurat overraska over snøfallet på Sognefjellet. Han kan likevel forsikre at ein ikkje treng stresse for mykje med å finne fram skiutstyret.

– Det vart ein brå overgang frå den flotte sommaren, men det var varsla snøfall mellom 1.200 og 1.400 meter. No blir det kjølig også kommande natt og i morgon, men både tysdag og onsdag vil temperaturane stige, før det dabbar av mot helga att, seier han.

– Så skiutstyret kan ligge enn så lenge?

– Ja, skal du på ski så må du nok endå høgare opp. Dessutan er det framleis litt energi i sola, så snøen som kjem no blir ikkje liggande lenge før den smeltar.

Ingen har klaga

Lise Kristoffersen

INGEN KLAGER: Lise Kristoffersen ved VTS i Bergen kjenner ikkje til at det skal ha kome snø over andre fjellovergangar enn Sognefjellet i natt.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Ved Vegtrafikksentralen i Bergen har dei ikkje fått ei einaste klage på dårleg brøyting frå uroa bilførar på fjellovergangane.

– Snøen vil eg tru er ekkel å køyre på, men enten så har ikkje folk køyrt i natt, eller så har det gått greitt, seier Lise Kristoffersen.

– Men er det slik at bilførarar allereie no bør tenkje at dei kan møte snø i høgda?

– Eg tenkjer at det er litt tidleg, men det er aldri godt å vite. Men ein skal uansett køyre etter forholda.