Hopp til innhold

Mjøndalen festa grepet om opprykk etter vanvitig overtidsdrama

FOSSHAUGANE (NRK): Sju scoringar og to mål på overtid sikra Mjøndalen viktige poeng i opprykkskampen mellom Sogndal og Mjøndalen.

Sogndal fotball mot Mjøndal fotball - Mjøndal feirar seier

ELLEVILL JUBEL: Mjøndalen-spelarane tok ein viktig siger i kampen om direkte opprykk med 4–3 mot Sogndal på Fosshaugane.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Mjøndalen klatra til ein andreplass på tabellen, rett i rygg på Aalesund, etter å ha slått Sogndal 4–3 på Fosshaugane Campus.

Eirik Birkelund utlikna til 3–3 to minutt på overtid, men sekund før dommaren blåste av sikra innbytar Alfred Richard Scriven alle poenga for Mjøndalen med ei heading etter nok ein dødball.

Rett etter kampen var det ein rørt kaptein, Christian Gauseth, som tok til tårene under intervjuet med Eurosport.

NM fotball menn, 4. runde: Mjøndalen - Haugesund

NØGD: Mjøndalen-kaptein Christian Gauseth vart bytta ut før dei dramatiske sluttminutta, men var i godt humør etter kampen.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

– Det er jo patetisk. Ein vaksen mann som står å grin på TV som det der. Men i livet mitt er det fotball som betyr alt, heilt sidan eg var på Norway Cup som 12-åring. Då renn det litt over etter slike kampar som dette her, seier Gauseth til NRK etter kampen.

  • Sjå tabellen nedst i saka.

Utruleg surt

Før overtidsdramaet var andre omgang lite å skriva heim om, men den første omgangen bydde på heile fem scoringar. Sigurd Haugen sende Sogndal i leiinga etter 18 minutt, men knappe 20 minutt seinare var det bortelaget som leda 3–1 etter scoringar av Jibril Bojang, Sondre Solholm Johansen og eit kremmarhus frå Joachim Solberg Olsen. Lars Christian Kjemhus fastsette pauseresultatet til 2–3.

– Dette vart fotball på sitt aller beste for vår del. Ei skikkeleg berg og dalbane, seier Mjøndalen-kaptein Gauseth.

I Sogndal-leiren var stemninga tyngre, etter at dei tapte det dei trudde vart eitt poeng langt inn i overtida.

– Det vart kaotisk i sluttminutta. Vi måtte gå all inn og så fekk vi utlikninga. Vi hadde også ein enorm sjanse til å scora 4–3 med Eirik Schulze, men i staden så får vi mål i mot. Det er utruleg surt, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

For Mjøndalen ligg i ein perfekt posisjon i kampen om direkte opprykk før dei ni siste kampane av årets sesong. For Sogndal er vegen lengre.

– Vi må berre gløyme denne kampen og sjå mot neste kamp mot Kongsvinger, seier Sogndal-stoppar Per-Magnus Steiring.

Skuffa Sogndal-spelarar etter kamp mot Mjøndalen

LANGT NEDE: Sogndal-spelarane var knust etter kampslutt.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

To strake tap

Sogndal fotball. Per-Magnus Steiring utan skjorte

TØFFE TAK: Joackim Olsen Solberg riv av drakta på Per-Magnus Steiring og fekk gult kort for taklinga. Ballen er 40 meter unna i angrep for Mjøndalen.

Foto: Ole Heilevang / NRK

Etter 4–1-tapet mot Åsane 16. mai gjekk Sogndal ti kampar utan tap med åtte sigrar og to uavgjorte. Så sa det bom stopp.

Dei tre siste kampane har gitt tap mot nedrykkskandidatane Florø, Strømmen og opprykksrival Mjøndalen.

Laget frå Nedre Eiker har på si side seks strake utan tap. Luka til Sogndal er på seks poeng.

Saman med Aalesund og Viking har Mjøndalen festa grepet om dei to plassane som gir direkte opprykk. Sogndal på si side har nokre poeng å henta inn (sjå tabell).

Laster innhold, vennligst vent..