Kommunereforma har endra Hordaland

Bergen og nabokommunane får 80 prosent av folket og mykje meir makt.

MAKTSENTRUM: «Stor-Bergen» får ei enno sterkare posisjon etter kommunesamanslåingane. Det er ei utfordring for små kommunar i utkanten av fylket, meiner innsendaren.
  • Ole Bakkebø
    Ole Bakkebø
    Fagdirektør, Fylkesmannen i Hordaland
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Hordaland er eit fylke der kommunereforma har sett synlege spor etter seg. Når vi tek fatt på 2020, vil Hordaland ha 25 kommunar i høve til dagens 33.

Ein reduksjon på åtte kommunar vil mange hevde er bagatellmessig «utbytte» i reformsamanheng. Men ser ein nærare på folketala i dei slegne saman kommunane og kor dei ligg geografisk plassert i fylket, vert biletet annleis. Omkring Bergen har åtte folketunge kommunar slege seg saman til Bjørnafjorden, Øygarden og Alver, med til saman om lag 90.000 innbyggjarar. Saman med Bergen og Askøy får dei 400.000 innbyggjarar. Denne vesle sirkelen omkring Bergen utgjer om lag 80 prosent av eit samla folketal i fylket på om lag 520.000. Dette er resultatet av friviljuge vedtak i 13 kommunestyre.

KLART TYNGDEPUNKT: På dette «fylkeskartet» over Hordaland er kommunane sin storleik synleggjort etter folketal i staden for areal. Blå kommunar vert slegne saman pr. 1. januar 2020. Rosa kommunar har same status som før reformprosessen. Fylket har fått ein konsentrasjon av færre og sterkare kommunar i Bergensregionen. Dei grå kommunane er store nok til at Fylkesmannen i Hordaland meiner dei kan halde fram åleine. Illustrasjon: Fylkesmannen/BT

Politisk makt, overføringar frå staten og regional tyngde følgjer folketalet meir enn omfanget av store fjellstrekningar og vakre fjordar. Det «nye kommunekartet», målt i innbyggjartal pr. kommune, syner òg at vi i ein ytre krins av fylket sit vi att med 23 kommunar med eit gjennomsnittleg folketal på om lag 5000 innbyggjarar.

Kartet kan sjåast på som eit kart over endringar i maktfordelinga i fylket. Bergensområdet som motor for utviklinga vert av mange oppfatta som eit gode. Den forsterka konsentrasjonen av folketunge kommunar i Bergensområdet skiplar likevel den regionale ubalansen i fylket og vert dermed ei utfordring for distriktskommunane: Askøy, Alver, Øygarden og Bjørnafjorden har ein reiseavstand på om lag ein times tid frå ytterkantane og inn til Fisketorget.

Desse kommunane i lag med Bergen har store felles interesser, felles problemforståing og utfordringar knytt til samferdsle, planar, bustadbygging, digitalisering, miljø osv. Dei har andre utfordringar enn mange av «utkantkommunane». Bergen og nabokommunane får forsterka makt i alle demokratiske valde organ både på fylkes- og nasjonalt plan, og vil få større høve til å setje dagsorden for sine saker.

Les også

Hans K. Mjelva: Med pengenaud skal kommunane tvingast saman

Korleis ser så resten av fylket ut? Desse 23 mindre kommunane er spreidde nord, sør og aust for Bergensregionen og kan til dels ha motstridande interesser og utfordringar, for eksempel knytt til samferdsle, næring og utdanning. Innanfor denne gruppa er det stor variasjon i kommunestorleik, frå knapt 400 innbyggjarar (Modalen) til knapt 20.000 (Stord). Desse kommunane vil ha vanskelegare for å sameine kreftene sine og jobbe for felles interesser.

Ressurssterke administrasjonar evnar i større grad ta fatt på utviklingsarbeid innanfor alle kommunale fagområde enn mindre kommunar, der administrasjonen gjerne har meir enn nok med å få skuta til å flyte. Sterke administrasjonar kan i større grad «utfordre» statlege og fylkeskommunale organ – anten det gjeld prosjekt, planar eller å få gjennomslag for sine saker. Medan forvaltninga i offentleg sektor etter kvart jobbar i tverrfaglege team, så står ofte tenestefolk i mindre kommunar åleine med ansvaret for å drifte mange og samansette fagporteføljar.

Følgjeleg vert det meir og meir krevjande for mange av dei mindre kommunane å få rekruttert dyktige fagfolk til kjernestillingar i kommunen. I dag ser vi konturane av at småkommunar i aukande grad må setje i gang samarbeidstiltak mellom nabokommunar for å få kabalane til å gå opp både ressursmessig og fagleg.

Planprosessane har til dømes vorte svært ressurskrevjande med omsyn til både fag og juss. Plankvalitet og gode planprosessar er avgjerande for å få gjennomført og godkjent kommuneplanen sine intensjonar og visjonar. Mindre kommunar må gjerne ty til kostbare konsulentar for handtere planprosessar. Tempo og kompetansekrav knytt til utvikling av IKT-system og digitalisering krev likeins kompetente og tilstrekkelege ressursar for å henge med i timen. Dette er ein viktig verktøykasse for modernisering og effektivisering av offentleg forvaltning.

I samband med kommunereforma grunngav mange av kommunane sin skepsis til reforma med at dei var usikre på den manglande påverknaden dei vil få i ettertid gjennom samanslåing med større kommunar og den etterfølgjande faren for tap av lokal innflytelse. Fylkesmannen si vurdering den gongen var at kommunestyret sin påverknad i stor grad allereie er tapt ved eit omfattande omfang av interkommunale samarbeidsorgan for å handtere krevjande oppgåver i kommunal sektor.

Les også

Ove Trellevik (H) vil halvere antallet Vestland-kommuner

Hausten 2019 vil det vere både kommune- og fylkestingsval. Det nye fylket Vestland vil få om lag 630.000 innbyggjarar og inneber eit stort tilsig av utkantkommunar frå Sogn og Fjordane. Representasjonen i fylkeskommunale organ vil framleis spegle att samansetninga av folketalet i det nye fylket, der den konsoliderte Bergensregionen framleis vil vere ein viktig premissleverandør. Spørsmåla som vil melde seg vert difor korleis mindre kommunar kan organisere seg for å kome i betre posisjon i høve til både strategiske utfordringar og varsla innstrammingar i kommuneøkonomien.

Korleis handtere desse utfordringane og samstundes makte å sikre utvikling og vekstkraftige kommunar i heile fylket? Det er krevjande å snu så sterke og langvarige trendar i samfunnet som til dømes flyttestraumen frå utkantane inn mot sentrum eller verknaden av «eldrebølgja». Prosessane går sin gang, verkar ganske konstante og ser ut til å vere uavhengige av skiftande regjeringar. Men kommunereforma har definitivt og grunnleggjande endra fylket vårt.

Stortinget har vedteke at samanslåing av kommunar i tida framover berre skal skje på friviljug vis. Regjeringa har vedteke ein ny «samanslåingspakke « til kommunane, som er like god som ved kommunereforma for tre år sidan. Kommunereform i fortsetjinga er nødvendigvis ikkje svaret på alle utfordringar som mindre kommunar står framfor. Men etter den første samanslåingsrunden er det no opp til kommunane sjølve å finne oppskrifta på korleis dei kan organisere seg og få gjennomslag.

Publisert: