Regionreforma – keisaren sine nye klede

Vi krev at samanslåinga med Sogn og Fjordane blir lagt på is.

SLAKT: «Regionreformen er et sorgens kapittel i norsk politikk». Nærmare totalslakt er det vanskelegare å kome, skriv innsendar.
  • Terje Kollbotn
    Grupppeleiar for Raudt i Hordaland
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Då Finnmark si befolkning stemte nei til samanslåing med Troms ved folkeavstemminga i mai, byrja korthuset «Regionreforma» å falle saman.

Så byrja fylka som skulle bli giganten Viken, eit nytt superfylke som ikkje heng saman geografisk, å få kalde føter. Det er ikkje berre geografien som er eit problem, men også at desse nye store einingane ikkje er tildelt nokon nye oppgåver som rettferdiggjer einingane. VG slo fast på leiarplass den 4.9. at «Arbeidet med å slå sammen norske fylker til større regioner må være noe av det sletteste politiske håndverket på lang tid. (...) Regionreformen er et sorgens kapittel i norsk politikk.» Nærmare totalslakt er det vanskelegare å kome.

Les også

BT-leiar: Regionreforma må ikkje kollapse

Men her i Hordaland ser det annleis ut til no. Fylkesordførar Hestetun (Ap) har saman med posisjonen på fylkestinget (Ap, KrF, Sp) vore lojale mot denne reforma som i botn og grunn er eit sentraliseringsprosjekt frå Høyre og Jan Tore Sanner.

Så spørst det om Hestetun og Bondehus (frå Sp) vil stå like last og brast med dette prosjektet etter at Finnmark og Viken avslørte at Høgre-reforma er ein reform utan klede. Deira partileiarar, Støre og Vedum, har no gått tydeleg ut mot regionreforma.

Kva vil Hestetun og Bondehus gjere? Følgje sine eigne parti eller støtte Høgre? Raudt Hordaland kjem til å fremje saka på nytt på neste fylkesting.

Vi krev at samanslåinga med Sogn og Fjordane blir lagt på is – og at det blir halde ei folkeavstemming snarast. Vi er ikkje redde for folket si meining, det bør ikkje dei andre partia vere heller.

Publisert: