NRK har beredskapsansvar også på Austlandet

Informasjonsbehovet er svært stort i slike situasjonar. Folk lurer på korleis det går med seg og sitt, og med slekta som bur i Askim.

 PÅ ALVOR: Det er ikkje slik at NRK prioriterer austlendingane, vi tek berre beredskapsansvaret vårt på alvor - også på Austlandet, skrive NRK-redaktørane.
  • Kai Aage Pedersen
    Regionredaktør NRK
  • Espen Olsen Langfeldt
    Redaktør direkte, NRK
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I eit innlegg i Bergens Tidende 26. september skriv Thea Christine Økland at NRK og andre nyheitsmedium presenterer ekstremvêr som meir farleg og utfordrande for austlendingar enn for folk i andre deler av landet. Bakgrunn for kritikken er NRK si dekning av ekstremvêret «Knud» i fleire radiosendingar og for ekstrasendinga på NRK1 fredag kveld.

Situasjonen fredag føremiddag var følgjande: Meteorologisk institutt hevar farenivået frå oransje til raudt for Austlandet etter at dei såg konsekvensane av «Knud» i Rogaland og på sørspissen i Norge.

Raudt farevarsel blir sendt ut når det er venta «ekstreme konsekvensar» av veret. I retningslinene til Meteorologisk institutt står det i klartekst at «…menneskeliv kan gå tapt og at det er fare for store materielle øydeleggingar på eigedom og infrastruktur…» Dette er altså eit svært realistisk utfall i vårt mest folkerike område fredag kveld. NRK følgjer utviklinga tett på alle våre medieplattformer, og kl. 20.55 går vi på lufta med ei ekstra sending på NRK1.

Det er no Økland meiner NRK burde lært av fjellvettreglane og snudd i tide. Vi skulle lagt ned mikrofonane, skrudd av lyset i Dagsrevyen-studioet og henta heim journalistane som var ute og dokumenterte konsekvensane av ekstremvêret «Knud». Ville det vore ei rett avgjerd av NRK? Ingen liv hadde gått tapt, og det hadde heller ikkje vore dramatiske øydeleggingar på hus eller eigedom. Var det då nødvendig med ekstrasending på fjernsyn?

Vi minner om at det raude farevarselet ikkje vart redusert frå Meteorologisk institutt før kl.0400 natt til laurdag. Informasjonsbehovet er uansett svært stort i slike situasjonar. Folk lurer på korleis det går med seg og sitt, og med slekta som bur i Askim. NRK meiner difor at det var rett å gå ut med brei rapportering på NRK1, på radio og nett – også for å roa publikum. Vi kunne rett og slett fortelja om uvêret, og at dette stort sett hadde gått bra.

Viss «Knud» hadde komme innover Austlandet på ein torsdag, kunne vi rapportert om dette i den faste nyheitssendinga kl. 21. Fredag kveld har vi ikkje nyheitssending på NRK1 på dette tidspunktet, og vi meiner det var rett å bruka 10 minutt på ekstremvêret i ei ekstrasending. På denne måten kunne vi nå ut med oppdatert og direkte informasjon til svært mange. Dette er ein del av ansvaret styresmaktene har gitt oss i NRK-plakaten, der det heiter at NRK har eit særskilt beredskapsansvar.

Natt til onsdag kom det 60 millimeter regn på nokre få timar i Hordaland. Dei materielle skadane var store. Innbyggjarane vakna opp til rapportar om dette i NRK Hordaland sine radiosendingar, i Dagsnytt og på nett/mobil. Om morgonen er dette den beste måten å nå ut til eit stort publikum på. På ein fredag kveld hadde vi vurdert ekstrasending på TV.

Det er altså ikkje slik at NRK prioriterer austlendingane, vi tek berre beredskapsansvaret vårt på alvor - også på Austlandet.

Publisert: