Dagen etter morgondagen

Sogn og Fjordane KrF fryktar Hordaland nesten like mykje som dei fryktar Frp.

Vann og tapte: Fylkesleiar Beate Bondevik Lie (i midten) i Sogn og Fjordane sender fire raude og tre blå delegatar til KrF-landsmøtet. Det er eit fleirtal for hennar syn, men færre enn ho håpa på.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Kontrasten var stor mellom KrF-årsmøta i Sogn og Fjordane og Hordaland laurdag. Der hordalendingane greip til harde ord frå talarstolen, var det sol, allsong, klappsalvar og gemyttleg stemning på Skei i Jølster. Sogn og Fjordane levde opp til kjælenamnet «trivselsfylket».

Rett nok enda årsmøtevedtaket annleis enn dei fleste hadde trudd: Fire raude og tre blå delegatar var nok jamnare enn Knut Arild Hareide hadde sett føre seg. Ein kan spørje seg kva som hadde skjedd om fylkeslagets populære stortingsmann, Tore Storehaug, hadde halde den raude appellen i staden for Telemarks Geir Jørgen Bekkevold.

Likevel: Om dei andre fylkeslaga hadde gjennomført årsmøte med like låge skuldrer som Sogn og Fjordane, hadde det ikkje vore snakk om noka partisplitting. Fleire av dei sentrale aktørane i fylkeslaget meiner denne partikulturen kan bli trøblete framover.

For der Hordaland KrF er eit fylkeslag som «tek debatten», som det heiter i våre dagar, er Sogn og Fjordane svært opptekne av å finne konsensus. Om ikkje lenge skal dei to laga bli nye Vestland KrF. Hordaland har tre gongar så mange medlemer og åtte gongar så mange veljarar som veslebror i nord.

Det er eit utbreidd syn at ein må søkje konsensus i Sogn og Fjordane. Skal ein til dømes få gjennomslag i storting og regjering, må ein snakke med éi røyst over tid.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Det verst tenkelige for Hareide

I fjordfylket er dei redde for å bli slukte av den tøffare debattkulturen i det nye storfylket. Det er i og for seg eit paradoks, all den tid regionreforma er KrF og Venstres hjartebarn. Når dei no ser konsekvensen av sine eigne vedtak, er det ikkje alle som ser like ljost på livet.

I debatten var det svært mange innlegg om landbruk, distrikt, familiepolitikk og bistand. Berre eitt av 39 innlegg tok opp Israel-spørsmålet. Kanskje fekk Knut Arild Hareide rett då han sa at «Israel er eitt land i verda» på spørsmål om kvifor han ikkje skriv meir om Midtausten i boka si.

Nokre fleire var innom abort, og eit par delegatar brukte tid på andre verdispørsmål. Som éin sa: «Då eg var aktiv i politikken eksisterte det berre to kjønn.» Likevel var Sogn og Fjordane KrF fyrst og fremst opptekne av breiare velferds- og næringssaker heller enn klassiske kristenspørsmål.

Det er eit munnhell som seier at om du ikkje får den du elskar, må du elske den du får. Sogn og Fjordane KrF drøymer om Ap og sjølvstende, men kan få Frp og Hordaland, sjølv om Hareides side dreg innpå. Det kan hende regjeringsspørsmålet er vel så enkelt som fylkessaka.

Publisert: