Hopp til innhold

Melder sommarlege temperaturar i november

Sjølv om adventstida er like om hjørnet, du treng ikkje plukke fram lue, vottar og skjerf med det første. Onsdag kan det bli opp mot 20 grader mellom Rogaland og Trøndelag.

Mot Langøra i Stjørdal en novemberdag

LANGØRA: Torsdag gir sommarlege temperaturar fleire stader langs kystfylka i Sør-Noreg, som her i Trøndelag.

Foto: Lilly Stokke

– Enkelte stader kan nå opp, eller kanskje over, rekord makstemperatur for november, seier vakthavande meteorolog Steinar Skare ved Vêrvarslinga i Bergen.

Nær 20 varmegrader

Vi skriv altså november, men vinterlege temperaturar og nedbør let vente på seg i låglandet.

Medan Austlandet og Sørlandet dei neste dagane kan bu seg på tåke og lågt skydekke, kan kystfylka frå Rogaland til Trøndelag bu seg på tosifra raude grader – og periodar med sol.

Laster Twitter-innhold

– Det er ikkje venta særleg dårleg vêr fram til fredag, men onsdagen gir nok dei høgaste temperaturane med mellom 14 og 19 grader, seier Skare.

– Nedbøren kjem

Takka kan vestlendingane og trønderane rette ein varm luftstraum frå langt sør i Europa som slår ned i låglandet når den passerer fjellet på veg nordover. Den sokalla føn-effekten.

I vest ligg eit lågtrykk over Storbritannia, medan eit høgtrykk kviler over Russland i aust.

Dei høge temperaturane er likevel ikkje heilt uvanlege. Noregsrekorden har Tafjord med 21,8 grader 6. november 2003.

– Vi skal ikkje lenger tilbake enn til 2014 for å sjå at Tefre i Førde, til dømes, hadde ein maksimaltemperatur på 18 grader 1. november, legg Skare til.

Trur ikkje på bergensrekord

Kristen Gislefoss

MILDT: – Det er nok ikkje dei ideelle forholda for alpinsentera til å produsere snø. Det er nok for høge temperaturar, seier Kristen Gislefoss.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

Statsmeteorolog Kristen Gislefoss seier at sjølv om det er ein mild vêrtype i vente, så tviler han på at Bergen sin varmerekord på 17,9 grader frå 4. november 2011 står i fare.

Med over 23 grader sette byen mellom dei sju fjell varmerekord i oktober.

– Så høg temperatur som 18 grader, trur eg det ikkje at det blir. Men ein skal aldri seie aldri. Det er ein fønvind-situasjon og då stig temperaturen fort dersom vinden aukar litt, forklarer han.

Gjennom helga er det venta noko nedbør, men også periodar med sol.

– Men når ein kjem over helga, så er det tydeleg at prognosane gir meir nedbør, men ikkje veldig låge temperaturar, seier Skare og legg til at temperaturane mange stader kan kvile kring ti varmegrader.