Tankar frå ei halv abortnemnd

Dei fleste foster blir abortert grunna følgjande arvelege eigenskap: dei kunne blitt barn.

KOMPLISERT: I motsetning til mine meir daglegdagse, reint medisinskfaglege vurderingar, er abortsituasjonen ei blanding av medisin, etikk, juss og samfunnsfag, skriv Ingebjørn Bleidvin.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

I nokre år no har eg vore ein av to legar i ei abortnemnd. Nemnda dekkjer ei befolkning på nokre titals tusen, og har difor berre ei handfull saker i året. Men ein del møter og skjebnar har det likevel blitt.

Hos kvinnene ser me ofte fortviling, men samtidig ein djup tryggleik. Når dei først kjem så langt som til nemnda, så veit dei kva dei vil. Den tyngste debatten har dei teke med seg sjølve og pårørande i framkant. Mange fryktar nok aller mest å få nei.

For min del har den største frykta vore å måtta sei nei. At det dukka opp ei frisk, ung kvinne med fast jobb, hus, stabil partnar og eit friskt foster, som av ein eller annan tilfeldig grunn gjekk over 12-vekersgrensa. Ho fyller ikkje krava for å få ta sein abort. Likevel: Å skulla bestemma over noko så avgjerande i den kvinna sitt liv, på vegner av lovverket, er djupt ubehageleg. Eg kan ikkje sjå føre meg kor ille det då må vera for kvinna.

Les også

Debatt: – Kom på banen, Høyre!

Løysinga med nemnder er ikkje god, men den utgjer ei overkomeleg og truleg viktig ekstra sikring av prosessen. Ein viktig funksjon for nemndene er å sikra at kvinna har fått god nok informasjon og ikkje er utsett for press.

Nærmast alle sakene eg har vore med på har vore soleklare sett frå mitt perspektiv, som nemndmedlem. Alvorleg sjukdom hos foster. Alvorleg sjukdom hos mor. Svært krevjande sosiale situasjonar. Unge tenåringar. Med nokre få unntak har konklusjonen vore tydeleg.

I motsetning til mine meir daglegdagse, reint medisinskfaglege vurderingar, er abortsituasjonen ei blanding av medisin, etikk, juss og samfunnsfag. Det er meir utfordrande.

Det går føre seg no ein debatt om paragraf 2c i abortlova, som gir rett til abort etter veke 12 ved alvorleg sjukdom hos fosteret. Resultatet av debatten må sjølvsagt få konsekvensar for mine vurderingar, med mindre eg har planar om å gje blanke i lovverket, Stortinget og demokratiet. Det er difor forvirrande å høyra helseministeren sei at «i praksis vil kvinnene som søkjer abort etter 12. veke, i like stor grad som i dag få innvilga det i fremtiden» sjølv om paragraf 2c blir fjerna.

Det høyrest ut som ei indirekte innføring av fri abort til veke 18. Det er korkje samfunnet eller kvinnene nødvendigvis tent med.

Les også

Debatt: – Livet er hellig

Det er snublande lett å karikera motparten i denne debatten. Ventar du barn med funksjonshemming skal du hjelpast fram i mangfaldets namn. Det kan leggjast til rette med medisinar, hjelpemiddel, personlege assistentar, heimesjukepleie og spesielt tilpassa bustader. Er du derimot lågt utdanna, deltidsarbeidande åleinemor med tre barn frå før? Ja, nei, då er det like greitt at du berre tek abort. Du kan få litt ekstra barnetrygd om du absolutt må.

Motsett veg har me dei mange kampane foreldre til pleietrengjande barn må kjempa for å få heilt grunnleggjande assistanse, og den botnlause sorga dei må kjenna på når dei føler at samfunnet med loven i hand seier at barna deira er uønskt.

Er det diskriminerande når det blir teke abort grunna kromosomfeil, men ikkje diskriminerande med abort grunna fattige og hjelpelause foreldre? Er diskriminering på genetisk grunnlag verre eller betre enn diskriminering på sosioøkonomisk grunnlag? Slik kan ein fortsetja å setja skjebnar opp mot kvarandre, utan at me kjem noko særleg vidare.

Les også

BTs leder: – La lova liggje

Det burde vera mogeleg å både anerkjenna det fulle og heile menneskeverdet til menneske med funksjonshemmingar, og anerkjenna at mange familiar ikkje maktar å ta på seg den udiskutable belastninga det er å eit barn som vil vera fullt pleietrengjande inn i vaksen alder.

Men her kjem den sterke polariseringa inn og blokkerer. Debatten fører ingen veg, fordi opplevinga av abortlova i dei ulike gruppene er gjensidig ekskluderande.

Imens får marginale mindretal uforholdsmessig mykje plass: Unge Venstre-leiaren Sondre Hansmark som vil ha fri abort til veke 24, og Ropstad-fløya i KrF som meiner at «retten til liv må gjelde frå unnfangelse». Underforstått: Abort bør eigentleg vera forbode.

Når me sit der, tre eller fire personar i eit rom, og skal gjennomføra nemndbehandlinga, skulle me alle, alltid, ynskt at me slapp å vera der.

I nemndsituasjonen blir bekymringar for ei teoretisk framtid der det kanskje blir færre alvorleg funksjonshemma barn noko høgst teoretisk. Forbod mot tidleg fosterdiagnostikk kjennest som eit paternalistisk overtramp. Slike omsyn blir mindre viktig enn den heilt konkrete påkjenninga det er for den enkelte kvinna å ta eit val om seinabort, uavhengig av grunn.

Svært mange foster endar si utvikling med spontanabort. Nokre foster endar med provosert abort. Nokre foster endar som eit menneske. Det skjer ikkje plutseleg. Det skjer ikkje i rykk og napp. Det skjer gradvis, bit for bit, finjustert, heilt til det ikkje er nokon veg tilbake.

Slik er òg tilgangen til abort regulert ned utover i svangerskapet. Gradvis, bit for bit, finjustert. Heilt til det ikkje er nokon veg tilbake.

Dagens abortlov er den minst dårlege løysinga på eit uløyseleg spørsmål. Det er kanskje det beste me kan håpa å få til.

Publisert: