På tide med ei utstrekt hand frå Sogn og Fjordane

DEBATT: Onarheimsgildets våpen med kongekrona til Heilag Olav over krosslagde økser er eit grafisk blinkskot.

VELEIGNA: Fylkesvåpenet i Hordaland vil vere eit godt samlingsmerke for det nye Vestland fylke, meiner innsendaren.
  • Nils Georg Brekke
    Tidlegare fylkeskonservator og professor ved Bergen Arkitekthøgskole
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Etter lange drøftingar og forhandlingar har det nye storfylket i vest fått namnet Vestland. Det er nok mange som synest at dette fylkesnamnet er eit godt val – langsiktig og strategisk. I tillegg har det ein historisk bakgrunn som berre få av dei nye regionane har. Dette er kjernelandskapa i Harald Hårfagre sitt vestrike på 800-talet, fleire hundreår før Bergen vart grunnlagd.

For min del er eg glad for at ein i denne namnediskusjonen ikkje hamna på alternativ som Bergenhus eller Bjørgvin. Eg vil her minna om Einar Førdes skarpskodde karakteristikk: «Heller union med Sverige enn styrt frå Bergen», og vi opplever no at to historiske regionar innleier sitt nye hopehav med betydelege spenningar kring bordet.

 Nils Georg Brekke

Men i spørsmålet om fylkesvåpen kan det kanskje bli ein omkamp. Det kan eg godt forstå. Dei framlegga som juryen førebels er blitt ståande ved, utmerkjer seg ikkje ved særleg grafisk eller heraldisk eleganse. Utkasta som hittil har vore presenterte offentleg, står fram som ei samling tilfeldige og ikkje særleg vellukka visuelle metaforar for fjordfylket.

Etter mitt syn kan det derfor vera all grunn til heller å sjå mot historia og det fylkesvåpenet som meir enn noko anna markerer det vestlege tyngdepunktet i Noreg i tidleg mellomalder: Onarheimsgildets våpen med dei krosslagde øksene, som var på tale som riksvåpen nr. 2.

Etter den overraskande diskusjonen som har kome opp om det er rimeleg at kraftfylket kring Sognefjorden får disponera over dei verdiane som ligg i deira eigne naturressursar, kunne det kanskje vera tid for ei utstrekt hand frå nordfylket. Dei kan gjera framlegg om det som naturleg vil binda saman naboregionane i det gamle Bergenhus slottslen frå 1560.

Dei sentrale delane av dette slottslenet – Vestlandet frå Lista til Sunnmøre – vart til Søndre og Nordre Bergenhus Amt i 1866, som fekk namna Hordaland og Sogn og Fjordane på 1900-talet. Og fylkesvåpenet som Hordaland tok i bruk, har nettopp sin bakgrunn i merket til Olavsgildet på Onarheim på Tysnes, slik vi kjenner det som eitt av segla under hyllingsbrevet for kong Håkon Magnusson på Båhuslen i 1344.

VESTLEG TYNGDEPUNKT: Dette gamle fylkesvåpenet markerer meir enn noko anna det vestlege tyngdepunktet i Noreg i tidleg mellomalder, skriv innsendaren.

Dette gamle hovdingsetet på Tysnes var eit midtpunkt i den vestre delen av landet vårt, vide kjent som kultstad og tingstad. Det har vore peika på at Onarheim kan ha vore den eldste tingstaden for Gulatinget, før Håkon den gode skal ha flytta det til Gulen midt på 900-talet. Tingstaden på Onarheim og det gamle Njardarlog kan såleis ha vore ein forløpar for Gulatingets lovområde.

Uavhengig av lokalt og regionalt nærsyn burde derfor fylkesvåpenet som vart godkjent for Hordaland i 1961, kunna vera eit godt samlingsmerke – utan baktankar – for det nye Vestland fylke. Kongekrona til Heilag Olav over krosslagde økser er eit heraldisk og grafisk blinkskot og bør ikkje berre leggjast til side.

Vi kan vel ikkje sjå heilt bort frå at det nye storfylket også kan koma til å omfatta landskapa i sør, med Harald Hårfagres kongsgardar Utstein, Avaldsnes, Fitjar, Alrekstad og Seim. Kulturhistorisk er Vestlandet til og med Sunnmøre ein av dei mest karakteristiske landskapsregionane i Norge.

Publisert: