Kulturarven vår ligg i utette uthus og lagerbygg

Situasjonen for musea i Hordaland er prekær. Dei treng nye magasin snart.

KODE-UTFORDRING: Direktør Petter Snare og andre museumsdirektører trenger magasinplass til kulturskattene sine. «Store delar av utstillingssalane ved Kode 1 står fulle av møblar som skulle vore lagra på eksternt magasin», skriv Elisabeth Herdla Halvorsen og Torunn Kojan Bøe.
  • Elisabeth Herdla Halvorsen
    Direktør ved Museumssenteret i Hordaland
  • Torunn Kojan Bøe
    Avdelingsleiar ved Bevaringstenestene/Museumssenteret i Hordaland
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Det hastar å få gjort noko med den prekære magasinsituasjonen, både for Kode og dei andre musea i fylket.

Ikkje minst for å ivareta vår kollektive, kulturelle hukommelse.

Musea i Hordaland forvaltar 303.800 kunst- og kulturhistoriske gjenstandar på vegne av fellesskapet. I det ligg eit stort ansvar.

Samlingane utgjer alt i frå gjenstandar som representerer kvardagslivet på Vestlandet til kunst- og kulturhistoriske gjenstandar frå næringsliv, private heimar og offentlege institusjonar.

Gjenstandane utgjer uerstattelege økonomiske, kunst- og kulturhistoriske verdiar, og denne kulturarven speler ei viktig rolle som vårt kollektive minne, og skal stillast ut, formidlast og forskast på både i dag og i framtida.

Når privatpersonar, offentlege institusjonar eller bedrifter gir gjenstandar i gåve til eit museum er det med ei forventning om at denne vert teken vare på for ettertida og gjort tilgjengeleg for publikum på ein forsvarleg måte.

Les også

Kunstlokalet har vært stengt for bergenserne i 40 år. Nå åpnes det.

I BT 14. mars skriv kulturredaktør Frode Bjerkestrand at «Museene i Bergen er ikke lokale suvenirsjapper. De har et omfattende ansvar for kunstverk, bygninger og store deler av nasjonens kulturhistorie».

Han peiker på at vi står i fare for å verte råka av kulturell nasjonaldemens om det ikkje vert handla raskt og musea i Hordaland vert tilgodesett med fleire midlar.

Same dag i BT kan vi lese at store delar av utstillingssalane ved Kode 1 står fulle av møblar som skulle vore lagra på eksternt magasin.

Også ved dei andre musea i Hordaland er magasina fulle, med det resultat at gjenstandar er plassert i uthus og lagerbygg, som er svært lite egna til lagring av museumsgjenstandar.

Dette er utette bygg, der fukt og temperatur svingar med vestlandsklimaet, noko som gjer stor skade over år.

Gjenstandar i tre sprekk opp, metallgjenstandar rustar, og tekstilar går i oppløysning. Når vi handterer gjenstandane slik vert dei heller ikkje tilgjengelege.

I Danmark, Nederland og England har musea løyst dette ved å gå saman om å bygge fellesmagasin, utanfor dei store byane, i moderne lagerbygg som sikrar god tilkomst, låge driftskostnader og effektiv logistikk.

I 1998 tok Hordaland fylkeskommune eit viktig grep og kjøpte fem bygningar i den gamle trikotasjefabrikken i Salhus.

Dei etablerte komplette fellestenester med magasin og konserveringstenester for alle dei konsoliderte musea i fylket.

Les også

Warloe: – Forklaringen bak tildelingen er nærmest komisk

Sidan 2006 har musea hatt tilgang til konserveringstenester blant dei beste i landet både i fagleg breidde og kvalitet.

Bevaringstenestene er administrativt lagt til Museumssenteret i Hordaland, og utgjer eit stort konserveringsfagleg miljø innan tekstil-, møbel- og gjenstandskonservering.

Heilt frå planleggingsfasen var det klart at dagens magasinareal var eit første steg på vegen for å løyse dei store utfordringane musea i fylket hadde, og framleis har, i forhold til sikker lagring av samlingane.

På oppdrag for Hordaland fylkeskommune har Bevaringstenestene leia arbeidet med å greia ut nytt magasin.

Arbeidsgruppa har landa på at den beste og rimelegaste løysninga er å bygge eitt nytt felles magasin og dokumentasjonssenter for alle musea, slik at dei store investeringane berre trengst gjerast ein gong og på ein stad.

Les også

Fare for nasjonaldemens

I tillegg vil vi bygge vidare på eit allereie vel etablert fagmiljø med lang erfaring med innflytting i magasin.

At dette også er bra for miljøet er ein ekstra vinst. Utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland fylkeskommune har med utgreiinga «Fullt hus» gjeve politikarane eit godt grunnlag for å vedta bygging av nytt fellesmagasin for musea i fylket.

Publisert: