– Dette er så stort. Paraden blei større enn eg kunne førestilt meg

Sjå bileta frå den første Pride-paraden i Sogn og Fjordane.

HISTORISK: Eit tusental menneske møtte opp i den første Pride-paraden som er arrangert i Sogn og Fjordane nokon gong.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

For første gong nokon gong, blei det arrangert Pride-parade i Sogn og Fjordane.

Over 40 organisasjonar og truleg eit tusental menneske møtte opp i den fargerike paraden i Førde laurdag.

– Eg er heilt rørt no. Å sjå alle som stod langs paraden og heia på oss med flagg og heiarop var sterkt for oss som gjekk i toget, seier festivalleiar Sandra Edith Tenud (21).

Ho byrja å planlegge paraden tidlegare i år. Dei siste vekene har vore i travlaste laget, seier 21-åringen.

– Men folk i heile fylket har vore enormt behjelpelege. Det er mange som ser eit behov for denne markeringa.

Tenud er ikkje sikker på kor mange som deltok i toget, men seier det er snakk om eit tusental.

– Det var rett og slett for mange til at vi greidde å telje. No går paraden over i ein stor fest.

PARADEN: Folk frå heile Sogn og Fjordane tok turen til Førde for å delta i paraden laurdag.
GOD STEMNING: Sola strålte i Førde under den første Pride-paraden i fylket.
FARGERIKE: Nora Egeland og Seline Mogstad hadde pynta seg i fargerike klede for å gå i toget.
«ETT POLITI FOR ALLE»: Over 30 personar i politiet gjekk i toget.
REGNBOGE-FLAGG: Silje Vindheim og Kaiden Solheim hadde med seg regnboge-flagg.
MUSIKK I PARADEN: Fleire musikarar deltok i paraden som gjekk gjennom gatene i Førde. Her er paraden på veg over Langebrua i sentrum.
PÅ PLASS: Stella Birthe Poland gjekk i toget for Sosialistisk ungdom.
VIKTIG BODSKAP: over 40 organisasjonar deltok i paraden, ifølgje festivalleiar Sandra Edith Tenud.
FØRSTE GONG: Det er første gong paraden blir arrangert i Sogn og Fjordane.
ORDFØRAR PÅ PLASS: Mathias Råheim, ordførar i Gaular kommune, deltok i toget.
GJEKK I TOG: Svenn-Inge Hiller og Angelica Reiersgård-Hansen koste seg i strålande sol i Førde.
FEST: Steinar Eide og Thanushan Nagendran frå Sandane hadde med også med seg regnboge-flagg i paraden.
Publisert: