Kvinneleg tilsett blei bedt om å sjarmere mannlege kundar

LOs sommarpatrulje fann fleire grove brot på arbeidsmiljølova i Hordaland. Verst var det i Bergen.

PATRULJERER: Vilde Stokken (frå v.) har saman med Sofie Marhaug og Hilde Maria Boberg Andresen avdekka brot på arbeidsmiljølova.
Publisert: Publisert:

iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Tysdag var siste dag der fagforeininga LO hadde sin årlege sommarpatrulje i Hordaland. I årets sjekk bryt fire av ti bedrifter loven. Dei aller grovaste brota på arbeidsmiljølova fann LO i Bergen.

Dette gjeld tilsette som ikkje får overtidsbetaling, trugslar og trakassering frå sjefar, og bedrifter som ikkje følgjer HMS-arbeid eller har eit verneombod.

– Det er trist at vi framleis finn stader der vi berre må ringe Arbeidstilsynet akutt, seier nestleiar i Unge LO Hordaland, Axel Fjeld.

I Bergen var det eit tilfelle der ein tilsett ikkje fekk dei vaktene det var krav på ifølgje kontrakten. Dette gjeld ein tilsett som har fast prosent i kontrakten, men som ikkje hadde fått ei vakt sidan hausten 2018.

SOMMARPATRULJEN: Denne gjengen gjekk rundt og sjekka arbeidsforholda i Bergen sentrum, tysdag.

Tilsette blir trakassert

Dette er det andre året LO vel å inkludera diskriminering og trakassering i statistikken. I år har dei gått kveldspatruljar i tillegg til dagpatruljar, og dette har gitt resultat. Dei fleste brota finn dei i utelivsbransjen.

I årets statistikk for Hordaland kjem det fram seks brot som gjeld diskriminering og trakassering på arbeidsplassen. Alle seks blei avdekka i Bergen.

– Det er trugslar frå sjefane, og det er oppfordring til at kvinnelege tilsette skal skru på sjarmen for å selje meir, fortel Fjeld.

Det er spesielt kvinnelege tilsette som opplever trakassering på arbeidsplassen. Ei kvinne skal ha blitt bedt om å sjarmere eit par gutar som sat ved eit bord. LO fann òg andre tilfelle der kvinnelege tilsette hadde blitt behandla annleis enn mannlege tilsette, deriblant på lønn.

– Vi finn og litt kjønnsdiskriminering på lønn, forskjellsbehandling generelt. Nokre får ekstra betalt for enkelte arbeidsoppgåver dei gjer, medan andre får det ikkje, fortel Fjeld.

INTERVJU: Her intervjuer sommarpatruljen Linda Skude (26) som arbeider på Kaffeladen på Galleriet.

Same brot som tidlegare

Totalt har sommarpatruljen besøkt 422 bedrifter i Hordaland og 173 av dei bryt lova. Fleire av brota som er avdekka i år har ein sett tidlegare.

Ulovleg kameraovervaking av dei tilsette er noko ein ser meir av. Dei finn konkrete brot der det er leiarar som overvakar dei tilsette.

– Dei kjøpar gjerne utstyr over internett, koplar det til telefonen sin, reiser på ferie, og så har dei framleis full kontroll på kva som skjer, seier Vilde Stokken, ungdomssekretær i LO.

I tillegg er det fleire bedrifter i år enn i fjor som ikkje gir dei tilsette tilstrekkeleg med pausar.

– Folk står på arbeid ein heil dag utan å tørre å ete eller drikke, fordi dei ikkje har tid til å gå på do, fortel Stokken.

GOD STEMNING: Det er som regel eit hyggeleg møte mellom LOs sommarpatrulje og bedriftene dei besøkjer. Her på Kaffeladen, der alt så bra ut.

– Er dei medlem i ei fagforeining så mistar dei jobben

LO opplever at enkelte er redde for å prata med dei fordi tilsette fryktar kva arbeidsgivar tenkjer om det.

– Fleire stader vi var innom i går, kunne vi sjå at om dei var medlem i ei fagforeining så mistar dei jobben, eller ikkje får vakter eller ikkje blir tilsett, fortel Fjeld.

Stokken påpeiker at det er dei såkalla verstingane som ikkje er spesielt glad i å få LO sin sommarpatrulje på besøk.

 GAMAL KJENNING: Robin Knutsen stoppar gjerne og svarar på spørsmål frå sommarpatruljen. Han har sjølv vore med tidlegare.

Betring

Sjølv om Bergen har dei grovaste brota, viser statistikken for heile Hordaland at det har vore ein nedgang i talet på bedrifter med brot på arbeidsmiljølova. Årets statistikk viser brot i om lag fire av ti besøkte bedrifter. Stokken meiner dette er eit høgt tal.

– Då eg byrja å jobbe i LO for fem år sidan, fann vi lovbrot i over seks av ti bedrifter. Talet går nedover, men det har tatt fem år, og 40 prosent er framleis for mykje, seier Stokken.

Publisert: