Drita på statens rekning

Klimafiendtleg, sjukdomsfremjande og urettferdig: No er det på tide å la tax free-ordninga krasjlande.

PINNE FOR LANDET: Gammal Dansk eller Campari – valet er ditt. Staten spanderer uansett alkoholavgifta.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Det er søndag kveld på Flesland. Veka i Syden har vore herleg, med bading, lesing og lange kvitvinskveldar på terrassen. Til og med svigermor har vore til å halde ut.

Charter-flyet har landa og taksar inn mot terminalen. Ungane er søvnige, men blide. No står det berre eit kjapt, lite punkt att før bagasjebandet og bybanen heim:

At staten bombarderer deg med elleville tilbod på sprit, sigarettar og smågodt.

Det er ikkje meininga å vere tidenes festbrems ved å ta til orde for å skrote tax free-ordninga midt i fellesferien, men denne debatten treng vi.

For kvifor i alle dagar spanderer staten bilring, kols og leverskade på oss som premie for å ha vore ein tur i utlandet?

Les også

Debatt: Alkohol bør berre seljast i nøytrale flasker

Tax free-shopping, eller avgiftsfri handel, har ei lang og brokete historie her til lands. Noreg er eit land med særleg høge avgifter på varar som tobakk og alkohol.

Dermed blei høvet til å handle avgiftsfritt om bord ei brekkstong for å få til ferjeruter mellom Noreg og utlandet i ei tid der dei elles ikkje ville gått med overskot.

Seinare tok flytrafikken bokstaveleg av, og i dag bruker vi inntektene frå butikkane på Flesland, Gardermoen og dei andre storflyplassane til å halde liv i kortbanenettet.

Med andre ord: Til no har vi kappa i avgiftene på sprit, sjokolade og sigarettar for å halde liv i ferje- og flyruter som elles ikkje ville vore lønsame.

Les også

SAS fjernar tax-free-varer

I framtida må målet bli det stikk motsette, nemleg å redusere denne trafikken. Flytrafikk og bilferjer er nokre av dei aller mest klimaslemme måtane å flytte kroppen vår rundt i verda på. På tog og med bil får du ikkje nyte godt av tax free-ordninga.

Geografisk sett held ikkje ordninga mål. I Vestfold er det kjekt å starte dagen med ei ferjetur frå Sandefjord til Strömstad. Undervegs kjøper du kvoten.

Rekorden må vere skuta med det elegante skipsnamnet Mr. Shoppy, som prøvde seg på å selje avgiftsfritt mellom Sarpsborg og Strömstad. Det er som om det skulle vere tilbod på sprit på ferja over Sognefjorden.

Les også

Debatt: Ni råd til deg som vil fly som en nordmann

For verda ser litt annleis ut om du ikkje bur i Larvik, men i Lavik. Utanom danskebåten frå Bergen er det først og fremst flyturane som gjev låge prisar på snus og smågodt her vest. Men småflyplassane dør vel om dei ikkje kan leve på tax free-salet, eller?

I Noreg er det berre nokre få flyplassar som har ei lønsam drift. Resten blir finansiert gjennom at Avinor bruker pengane frå tax free-salet til å halde liv i småflyplassane.

Med andre ord: At staten ikkje tek inn moms og særavgifter når du reiser til og frå utlandet, finansierer småflyplassane. Ein idé her kunne vel vere at staten rett og slett tok inn desse avgiftene, og brukte pengane på å finansiere viktige lokalruter vest og nord i landet.

Les også

Vil ha krisepakke for klima – ikkje for bompengar

Ein god del arbeidsgjevarar, til dømes min eigen, har reglar om at den tilsette ikkje kan sanke private bonuspoeng for jobbreiser.

Det er i og for seg greitt, ettersom det er noko litt rart ved at flyreiser kommandert av sjefen skal føre til gratis sydenturar for meg.

Men der sjefen seier nei, seier staten ja: For på veg heim frå jobbmøte i Stockholm eller Helsingfors spanderer regjeringa på meg seks flasker vin og nokre pils til innbrotspris. Kva er eigentleg meininga med det?

For fire år sidan kom ein NOU med det fiffige namnet «Sett pris på miljøet». Avsendaren var regjeringas grøne skattekommisjon.

Utvalet viste til forsking som tyder på at flytrafikken kan gå ned med 2,5 til 11 prosent om vi kuttar ut tax free-utsala på norske flyplassar.

Det ville vere å ta eit ganske stort jafs av den norske flytrafikken utan å innføre ei einaste hindring for folk som faktisk treng å fly.

Og heilt til slutt, etter alle desse tunge, moraliserande orda: Ja, eg elskar å handle i tax free-butikken.

Full kvote. Kvar gong.

Publisert: