Det er venta kraftige regnbyer på vestlandet frå torsdag ettermiddag. Ifølgje NVE er bratte skråningar, bekker og elveløp med stor vassføring spesielt utsett for skredfare. Gult er det lågaste varslingsnivået.
– Ver oppmerksam
Vakthavande hydrolog, Ann-Live Øye, i NVE seier at sjølv om varselnivået ligg i det nedre sjiktet så er det viktig å følgje med.
– Me forventar ikkje spesielt mange skredhendingar, men me har nokon kraftige regnbyer på gang og me har mykje regn i forkant av uvêret, så det kan skje.
Øye seier at det er spesielt viktig å vere oppmerksam i område der det har gått ras før.
– Ein burde halde seg unna område med høg vassføring og bratte skråningar i kjende skredterreng.