– Ta deg ein avstikkar frå vegen og opplev eventyret

Kai-Inge Melkeraaen har laga ei praktbok om nye Ullensvang. Her møter du både grendene, mystikken, skodda og Sjur.

BUERDALEN: Kai-Inge Melkeraaen seier boka ikkje er eit prospektkort av Hardanger, men bileta er no vakre likevel. Her frå Buerdalen.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Første januar vert kommunane Odda, Ullensvang og Jondal, til den nye kommunen Ullensvang. Det blir den største kommunen i utstrekning i Norge sør for Trondheim.

Forfattaren av boka er Kai-Inge Melkeraaen. Han har førti år bak seg som journalist i Hardanger Folkeblad og Haugesund Avis. No er han pensjonist, men ligg ikkje på latsida.

STOR: Nye Ullensvang kommune er den største kommunen sør for Trondheim.

– Bli litt nysgjerrig

67-åringen har køyrd i nærast kvar krik og krok i den nye kjempestore kommunen. Dei aller fleste bileta har han tatt sjølv, og dei skildrar mangfaldet i Ullensvang.

– Eg har lagt vekt på at dette ikkje skal vera eit prospektkort frå Hardanger, men at boka skal spegla mangfaldet og spennvidda i kommunen. Kanskje folk kan bli litt nysgjerrige, slik at dei kan ta seg ein avstikkar frå vegen. Då kan dei møta det spennande eventyret og dei kjekke folka eg har møtt, seier Melkeraaen.

ULLENSVANG: Her frå Hanakamb (1.080 moh.), nær Raunsdalen på terskelen til Folgefonna, har ein storslått utsikt til Sørfjord-grendene.  Bildet er tatt i nasjonalparken med drone etter løyve frå Folgefonna nasjonalparkstyre.

Utsida, vestsida og innsida

Boka er systematisk bygd opp. Han startar på det han kallar utsida, før han tar oss bygd for bygd innover vestsida og austsida av Sørfjorden og vidare frå Odda heilt opp til Haukeliseter.

SVÅSAND PÅ UTSIDA: På Svåsand er dei stolte av båtbyggartradisjonar. Her viser Reidun Ellinor Svåsand (76) «Trausten» i naustet.
GJERTVEIT PÅ VESTSIDA: 250 meter over havet ligg Gjertveit. Slike stader er det mange av i Hardanger om du tar deg ein avstikkar frå hovudvegen.
LUTRO PÅ AUSTSIDA: Delar av austsida av Sørfjorden er som ein samanhengande frukthage.
ODDA: Odda er byen i Ullensvang. Her fotografert laurdag 17. november 2018.
Les også

No er du i Lothepus-land. Her møter han dobbeltgjengaren.

Eit smart grep er at han og har eit kapittel om innsida: «Inside story – det Tidemand og Gude aldri fikk se.»

Her tar han oss med inn i fjellet. Heilt frå rallarane i si tid dreiv tunnelar til kraftanlegga, til dei 22 gigantiske fjellhallane Boliden har laga til problemavfall, idrettshallen inne fjellet og til oppdrettsanlegg for fjellaure i ein fjellhall i Tyssedal.

FJELLHALL INNSIDA: Her inne i dei imponerande fjellhallane til Boliden under Folgefonna. Det er 22 hallar. Den største er 65 meter høg og 24 meter brei.
RØLDAL: Her er inngangen til kraftstasjonen i Røldal, teikna av arkitekt Geir Grung. Innanfor er dei enorme kraftanlegga i Røldal Suldal.

– Inderleg kjekt

Boka er i eit liggande format. På den måten får han plass til å bretta ut breddebileta over to sider. Det fortener dei, for Melkeraaen er ein god fotograf.

Han har og med gode kartvisingar på kvar stad han skriv om, slik at du veit kor du er i verda.

– Korleis var det å jobba med boka?

– Inderleg kjekt, men fordømmande mykje arbeid. Og mykje køyring, eg trur eg har køyrd 9000 kilometer i arbeidet med den. Du skal ha rett lys og bilete med snø, det er det joe nesten ikkje i låglandet lenger, seier han.

SJUR: Boka har undertittelen: «Om grendene, mystikken, skodda og Sjur». Dette er Sjur Kvalnes (71). Fruktbonden som kosar seg på to hjul gjennom Europa.
SIGBJØRN: Ovnhusarbeidaren Sigbjørn Fjellheim (56) i Tyssedal er utdanna kokk, og ein ivrig naturfotograf.

Melkeraaen er odding og har budd der heile livet. Som journalist har han farta rundt i den nye storkommunen, men likevel har han no oppdaga fleire nye stadar.

Les også

Norsk sider og eplemost er i vill vekst

FORFATTAREN SJØLV: Kai-Inge Melkeraaen har vore i nesten kvar ein krik og krok i Nye Ullensvang. I boka fortel han slik at du sjølv får lyst til vitja stadane.
UNGDOMSHALLEN: Oljemåleri og treskurs av Lars Kinsarvik pryder veggane. Det vart redda då Hotel Hardanger var reve. Her øver Odda Songlag i Ungdomshallen. I boka er det eigne kapitel om både kyrkjene og ungdomshallane.

– Det er jo eit eventyr av ein kommune, med spennande folk og ein fantastisk natur. Fjella her er som ein draum både sommardagen og om vinteren. Folgefonna på eine sida og Hardangervidda på den andre. Kan det bli betre? spør han.

Fjellmann og jeger som han er, har han difor brukt om lag tjue sider av den vel 300 sider lange boka, til fjella i kapittelet Toppen av alt.

Les også

Linda vet at mannen er fanget i en bresprekk. Hun vet bare ikke hvor.

PÅ TOPPEN: Turistar frå heile verda strøymer til Trolltunga. Det gjev ringverknader til andre delar av fjellheimen. Her ein turist på toppen av Eidesnuten.
Publisert: