Er verkeleg Abid Raja ein ukulturminister?

Venstre-Rajas avgåtte statssekretær gjennomfører eit ekte karakterdrap på veg ut døra frå departementet. Venstre haltar vidare.

For tre månader sidan var lukka komplett mellom statssekretær Knut Aastad Bråten og kultur- og likestillingsminister Abid Raja. Så snudde alt.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Politikarane «må vise normal moral og etikk» og «vere til å stole på». «Den politiske ukulturen luktar vondt.» Med desse avskilsorda på Facebook går Knut Aastad Bråten av som statssekretær for Abid Raja.

Hans motstandarar kjem til å bruke dette for alt det er verdt i den pågåande leiarkampen. For sjølv om namnet ikkje blir nemnt, er det ingen som er i tvil: Dette handlar om Abid Raja.

Både han og Bråten høyrer til i Venstre, der ein er van med sterke personlegdomar og høgt konfliktnivå. Men dette er heftig, sjølv til Venstre å vere.

Ein ringjerunde til folk i ulike fløyer av partiet stadfestar det same inntrykket: Dette er veldig harde ord.

Les også

Abid Rajas statssekretær trekker seg: – Den politiske ukulturen lukter vondt

Hos Rajas politiske motstandarar i Venstre er det nok fleire som håpar at dette skal bli starten på slutten for hans del. Over sommaren blir det truleg Venstre-landsmøte der Trine Skei Grandes etterkomar skal bli valt.

Der verkar det paradoksalt nok som at kronprinsane Sveinung Rotevatn og Abid Raja ikkje har styrkt seg denne våren. Det er det næringsminister Iselin Nybø og framfor alle kunnskapsminister Guri Melby som har gjort.

Rajas motstandarar har lenge håpa at omverda skulle få sjå kven han «eigentleg er». Dei vil nok bruke denne knyttneven av eit farvel for alt det er verdt. Det er ikkje sikkert at dei har ei spesielt god sak denne gongen.

Raja har ein stil som verkar splittande. I delar av partiet blir han hylla. I Venstre er det ikkje akkurat overskot av folkekjære, sprudlande politikarar.

Men den sterke historia om han som overvann all motstand og klatra til toppen av den norske samfunnsstigen kan også verke sjølvsentrert.

Likevel er det ikkje sikkert at dette er ei historie om ein maktsjuk toppolitikar som valsar over sine medarbeidarar.

Les også

Regjeringen legger frem plan for gjenåpning i ettermiddag

Som stortingsrepresentant skal Abid Raja ha hatt eit uvanleg høgt forbruk av rådgjevarar. Det kan sjølvsagt vere mange grunnar til at ein rådgjevar sluttar, men til saman teiknar det eit bilete av ein krevjande sjef.

Det er heller ikkje noko nytt at toppolitikarar er krevjande å arbeide saman med. For å greie deg i det miljøet, treng du ein vilje av stål. Du må faktisk vere ein dæsj sjølvsentrert. Og du kan ikkje alltid vere grei med alle.

Sånn er livet i toppolitikken.

Knut Aastad Bråten har fram til utnemninga som statssekretær vore lokalpolitikar for Venstre i Nord-Aurdal. Han har i fleire år vore redaktør i tidsskriftet Syn og Segn, profilert folkemusikar og samfunnsdebattant – og med eit enormt nettverk i kulturlivet.

Han har likevel ikkje hatt politisk erfaring på riksnivå. Svært mange av dei som kjem utanfrå og går inn i politisk leiing i departementa er ganske raskt ute igjen.

Det gjeld til dømes kjærasten til Bråten, Knut Olav Åmås. Han fekk åtte månader som statssekretær i nettopp Kulturdepartementet før han takka for seg.

Les også

Fotballforbundet med nye regler: Åpner for større grupper

Det kan vere ganske einsamt som urøynd statssekretær i eit departement. Prosessane rundt deg går fort, og det er lett å føle at ein ikkje heng med.

Det er mykje internt språk, mange prosedyrar og prosessar ein bør kjenne. Ikkje minst trur eg ein del kan bli sjokkert over måten alvorlege saker blir drøfta på.

Plutseleg sit du på innsida og føler at det som er ei hjartesak for nokon blir teken veldig lett på i eit stort departement. Det kan verke som dette er ei historie som også handlar om ein idealist i møte med realpolitikken.

Dette kan det vere viktig å ha i bakhovudet når ein skal forstå utblåsinga frå Bråten. No er han erstatta av tidlegare Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang. Ho har vore ute ei vinternatt før, og er ikkje redd for ein tøff kamp.

Det kan godt hende det viser seg at ho og Raja er ein god kombinasjon.

Dei som helst ønskjer ein annan partileiar enn Abid Raja har no fått eit nytt kort på handa. Det spørst likevel om det er nok. Abid Raja har vore gjennom tøffe tak i livet.

Det kan fort vekk vere at han står han av denne gongen òg.

Publisert: