Småleg om Sogn og Fjordane i BT

Kritikken som er kjem, er hakk i plata.

Sigurd Reksnes (Sp) lovar å halde fram med å kritisere regionreforma, som han meiner ikkje gitt nye oppgåver til fylka.
  • Sigurd Reksnes
    Fylkesleiar Sogn og Fjordane Senterparti
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Kommentator i BT, Gerd Tjeldflåt, svingar seg 13. mai opp med ramsalt kritikk av Sogn og Fjordane Senterparti og underteikna, som kritiserer regionreforma og at Vestland fylke no styrer mot eit underskot på 700 millionar kroner i 2020.

Det er påfallande korleis kritikken mot fylkessamanslåinga vert slegen hardt ned på av Tjeldflåt. Kanskje skulle ho heller ta ein telefon til regjeringa, og høyre kvar det vart av alle oppgåvene og demokratireforma som vart lova?

Etter mitt syn er vi så langt ifrå dei lovnadane som det er mogeleg å kome, og det blir verre dag for dag. Det kom omtrent ingen nye oppgåver til fylka, og berre dei siste dagane er to store overføringar av oppgåver, innan barnevern og kultur, avlyst. Det einaste vi sit att med, er ei omfattande sentralisering av makt og mynde ut av Sogn og Fjordane.

Les også

BT meiner: «Me treng inga folkerøysting om Vestland»

BT har rett i at samanslåing kostar pengar, men det følgjer ikkje nok pengar med reforma. Fylkeskommunen har blitt ein stad der staten plasserer ansvaret for ting den ikkje har lyst å drive med sjølv, og stryper deretter finansieringa.

Tjeldflåt greier det kunststykket å kalle det frekt at Sogn og Fjordane brukte oppsparte midlar før samanslåinga, medan det å lyse ut nye ferjeanbod i Hordaland, utan å ha budsjettdekning for dette, tydelegvis er heilt greitt. Dei ekstra pengane som Tjeldflåt meiner fylket skal få til ferjedrift, har vi ikkje sett så mykje til.

Eigarskapen i Sogn og Fjordane Energi (SFE) vart overført til kommunane i Sogn og Fjordane før samanslåinga. Det er akkurat det same som Hordaland fylkeskommune gjorde på 80-talet, då store kraftanlegg i Hardanger vart overført for symbolsk pris til BKK. Kvifor meiner Tjeldflåt at det som fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok om SFE er så mykje verre?

Salen på Leikanger, som Tjeldflåt viser til, hadde eit stort vedlikehaldsbehov. Den skal heller ikkje brukast berre ein gong i året, men til møteaktivitet som fylkeskommunen har på staden. Dessutan er dei 12 millionane til renovering berre småpengar samanlikna med 800 millionar til nytt fylkesbygg i Bergen.

Les også

Milliardene som forsvant for Hordaland

Før Tjeldflåt skuldar andre for å drive med billeg og splittande retorikk, så oppmodar eg ho og Bergens Tidende til å sjå seg sjølv i spegelen. Å fortsette å angripe at kraftverdiane vart verande i Sogn og Fjordane, og at ein ville bruke salsinntektene frå Fjord1-salet lokalt, er hakk i plata. Dette var innanfor avtala for samanslåing mellom dei gamle fylka.

Eg kjem til å halde fram med å kritisere regionreforma, og at alle føresetnadane som låg i fylkestinget i Sogn og Fjordane sitt vedtak er brotne. Samanslåinga definerer eg som ei tvangssamanslåing, og årsmøtet til Sogn og Fjordane Sp er tydelege i sitt standpunkt.

Dette betyr ikkje at eg ikkje vil gjere alt eg kan for at alle som bur i heile Vestland fylke skal ha gode vidaregåande skular, og trygge vegar å køyre på. Det kan lesarane til BT vere heilt trygge på.

Publisert: