Sp-dronninga abdiserer

Sogn og Fjordanes dyktigaste maktpolitikar takkar for seg. Men dette er ikkje det siste vi ser av Liv Signe Navarsete.

Livet i rikspolitikken er over for Liv Signe Navarsete neste haust. Tre tiår med den flammande sogningen i alle kanalar går mot slutten.
Publisert: Publisert:

Liv Signe Navarsete seier nei til ein ny periode på Stortinget. Dermed er ein liten æra i vestlandspolitikken over hausten 2021. No skal ho bli fulltidssogning etter tjue år i rikspolitikken.

Den energiske, hardtarbeidande salskonsulenten i Tine har hatt ein politisk karriere som få andre: Ho har bygd stein på stein frå kommunestyret i Sogndal på tidleg nittital, via fylkespolitikken og inn i rikspolitikken.

Der blei ho ein populær samferdsleminister i den raudgrøne regjeringa. Og då Åslaug Haga måtte trekke seg som partileiar for langt mindre saker enn kva politikarar må gå av for i dag, blei Navarsete det naturlege valet.

Navarsete har i alle år vore ein utprega sakspolitikar. Det finst mange på små og store plassar i Noreg som er takksame for den innsatsen Navarsete har lagt ned for å løyse akkurat deira sak.

Les også

Gir seg på Stortinget – no vil ho kjempe for å legge ned Vestland fylke

Det politiske maktspelet har ho ikkje alltid meistra like godt. Ho har ikkje alltid vore flink til, og heller ikkje særleg interessert i, å halde seg inne med alle fløyer og fraksjonar i Senterpartiet.

Dessutan er hennar store styrke også hennar veikskap: Energien, pågangsmotet og trykket for å få til endringar, kan også gjere at det går ei kule varmt. Det har både sjukehusaksjonistar i Nordfjord og partifellar i Sp fått erfare.

Men om nokon får høyre at dei veit ikkje kva dei snakkar om, kjem det raskt ein telefon og litt opprydding etterpå.

Det er også dette som gjer at mange vestlendingar føler at dei kjenner Liv Signe. Ho er rett fram. Det går i hundreogti. Så får det heller vere at førarkortet ryk no og då etter litt råkøyring langs bygdevegane.

Frå Navarsetes tid i rikspolitikken vil nok innsatsen som samferdsleminister og kommunalminister, og ikkje minst jobben på Stortinget, stå att som viktigare enn dei seks åra ho fekk som partileiar.

Ho meistra rett og slett betre livet som sakspolitikar.

Les også

Liv Signe Navarsete tar ikke gjenvalg

Då Navarsete i 2014 gjekk av etter hardt press frå fleire i eigne rekkjer, verka ho nesten lukkeleg over å få sleppe. På pressekonferansen for seks år sidan forklarte ho at ho hadde mykje meir å leve for enn berre politikken.

Navarsete er solid planta i sognejord. Ho har evna å sjå både heilt lokale saker i Lærdal og samstundes kjempe for sitt syn i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget.

Det gjer også at ho har ført partiet til nokre imponerande valresultat i Sogn og Fjordane. At det var partifellar som skulle vere med på å leggje ned heimfylket, skuffa henne stort. Det er ikkje sikkert siste ord er sagt i den saka.

Ei litt uvanleg side ved Liv Signe Navarsete er at ho aldri har vore redd for å bruke makta ho har til rådvelde, og heller ikkje vore redd for å snakke om det. Mange politikarar vil knapt snakke om at dei har makt. Sånn er ikkje Navarsete.

Tysdag kveld skreiv ho på Facebook at hennar tid i rikspolitikken gjekk mot slutten. Då lista Navarsete uredd opp rekordar ho har sett og posisjonar ho har oppnådd.

Då ho blei spurt av pressa for seks år sidan om kva som ville stå att etter hennar tid som partileiar, svarte ho i eitt ord: Resultati. Navarsete er brennbart materiale. Ho er lett å setje i fyr og flamme.

Og nettopp det gjer at det er vanskeleg å tru at Vestlandets viktigaste politikar etter Erna Solberg på totusentalet no verkeleg skal takke for seg.

Ein Liv Signe Navarsete som held kjeft?

Høyrt sånt tyleskap.

Publisert: