Nei, Bergens Tidende: Sogn og Fjordane er ikkje lagt ned!

Det rette er at Sogn og Fjordane fylkeskommune er lagt ned, men at Sogn og Fjordane lever.

Som merkevare kjem Sogn og Fjordane til å eksistere lenger enn det Bergens Tidende ser ut til å like, skriv Kai Aage Pedersen
  • Kai Aage Pedersen
    Redaktør, Firda
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Regionavisa Bergens Tidende gjer stadig vekk eit poeng av at Sogn og Fjordane ikkje eksisterer lenger. Siste innslag i serien fekk vi i eit intervju med Liv Signe Navarsete som takkar nei til attval til Stortinget « … Etter valet i 2021 skal ho tilbake på heimebane, som ho konsekvent omtalar som «Sogn og Fjordane, sjølv om fylket ikkje lenger eksisterer…», skriv avisa.

I ein redaksjonell artikkel gjer altså Bergens Tidende eit retorisk poeng av at Navarsete snakkar om Sogn og Fjordane – også etter fylkessamanslåinga på Vestlandet. At Sogn og Fjordane framleis eksisterer i daglegtalen, og at både Sogn og Fjordane eksisterer på kartet, blir oversett i iveren etter å gjere alt nord for Bergen til eit nytt strileland, dei kan ha moro med på morgonmøta i redaksjonen i BT.

Den same avisa karakteriserer også Sogn og Fjordane Senterparti som frekke når dei peikar på manglande statleg finansiering av regionreforma. «Det er på tide å akseptere at Sogn og Fjordane er lagt ned», skriv kommentator Gerd Margrete Tjeldflåt, og hamrar laus på Senterpartiet si avdeling nord for Sognefjorden: «Det Sogn og Fjordane Senterparti driv med, er billig og splittande retorikk, og ei motarbeiding av alt dei eigentleg burde drive med», skriv Tjeldflåt.

Draumen om at alle i Vestland fylke skal meine det same som bergensarane, ser ut til å ha fått fullt gjennomslag i Bergens Tidende. Snart kjem truleg ein kommentar, eller kanskje også eit redaksjonelt oppslag, med ei skildring av kor lågt nivået er på journalistikken i Sogn og Fjordane (no omtalt som nord for Sognefjorden) . Underforstått: Dei mest geniale folka på Vestlandet har arbeidsstad i tårnet i Media City Bergen.

Trass i høgt sjølvbilete er det lite Bergens Tidende kan gjere med geografien. Hordaland er borte, men Sunnhordland og Nordhordland eksisterer. Også Sogn og Fjordane består, og kjem til å gjere det veldig lenge.

Som merkevare kjem Sogn og Fjordane til å eksistere lenger enn det Bergens Tidende ser ut til å like. Truleg går Sogn og Fjordane ei lysare tid i møte som ei felles geografisk eining enn då vi var hefta med vår eigen fylkeskommune.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Når det er høglydt krangel på morgonmøtet i kommentaravdelinga, då er eg glad.

I Firda kjem vi framleis til å skrive om, og vere stolte av Sogn og Fjordane. Det skal meir til enn ei mislykka regionreform for å endre på det. Så får Vestlandets storavis, som har alle journalistane sine lokalisert i Bergen, halde fram med å påstå at Sogn og Fjordane ikkje eksisterer. Det rette er at Sogn og Fjordane fylkeskommune er lagt ned, men at Sogn og Fjordane lever.

Publisert: