Hopp til innhold

– Forren treng all den støtte han kan få no

Sogndal Fotball valde å slå ring rundt Ørjan Hopen då han fortalde om speleavhengnad i 2011. – Molde bør gjere det same, meiner dagleg leiar Rasmus Mo.

nBoqfbWuIqI

USIKKER FRAMTID: Vegard Forren si framtid i Molde er usikker, etter at det vart kjent at han hadde brukt økonomiske midlar frå MFK sin spelarkonto.

Foto: Ole Martin Wold / Ole Martin Wold

– Løysinga er ikkje å gje han sparken. Då fjernar han alle moglegheiter til å kunne gjere opp for seg, seier leiar Rasmus Mo i Sogndal Fotball.

I går vart det klart at Molde-spelar Vegard Forren risikerer å få sparken i Molde, etter at det kom fram at han mellom anna har brukt pengar frå klubben sin spelarkonto for å dekkje eigen gjeld.

Enn så lengje er framtida hans uviss.

Det får Sogndal-leiaren til å reagere.

Rasmus Mo

KLAR TALE: Rasmus Mo var sentral i handteringa av fotballspelaren Ørjan Hopen då han stod fram som speleavhengig i 2011. Han meiner Molde må slå ring rundt Forren.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Trist

I 2011 vart fleire i klubbleiinga i Sogndal tekne på senga då deira eigen spelar Ørjan Hopen sto fram som speleavhengig. Med over ein halv million i gjeld, valde dei å hjelpe han ut av situasjonen.

– For oss var det viktigaste å gjere det me kunne. Det er forferdeleg å stå i noko slikt åleine, seier han.

Ørjan Hopen jublar over 2-0-scoringa mot Brann.

STOD FRAM: Ørjan Hopen var ein sentral spelar på Sogndal då han stod fram om speleavhengigheita, i 2011. Her etter ein 2–0 scoring mot brann i 2012.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Han presiserer at han ikkje kjenner alle detaljane i Forren-saka.

– Men det er klart, han treng verkeleg all den bistand han kan få for å komme seg ut av dette. Det hadde sete ganske langt inne før me bad nokon om å pakke kofferten og dra herifrå, i alle fall.

Skal jobbe med Forren

Tidlegare toppdommar Per Ivar Staberg driv organisasjonen «Bortekamp», som arbeider mot speleavhengnad blant idrettsutøvarane. Organisasjonen vart starta saman med nettopp Ørjan Hopen.

– Me budde i lag i åtte månader, og då lærte eg svært mykje om speleavhengnad hjå han.

b9GFlz-9CFY

PRATAR MED FORREN: Per Ivar Staberg jobbar med idrettsutøvarar som slit med speleavhengnad. Han meiner Forren treng støtte frå dei rundt seg.

Foto: Jon Olav Nesvold

Ei undersøking som Bortekamp har gjort saman med NISO og VG viser at så mange som 1 av 10 idrettsutøvarar slit med tendensar til speleavhengnad.

Staberg har vore i kontakt med Forren, og håpar å kunne hjelpe han vidare i tida som kjem.

– Det er viktig at han ikkje får kjensla av å stå åleine. Men no har han tatt første steget og innrømma problemet. Så er det viktig at han får den oppfølginga som passar for han. Eg trur også det er viktig å få landa om han vert Molde-spelar eller ikkje.

Ørjan Hopen

BRUKAR ERFARINGA: Ørjan Hopen har vore med å starta organisasjonen «bortekamp», som hjelper idrettsutøvarar i kampen mot speleavhengnad.

Foto: Johan Moen / NRK

Landsdekkjande problem

Lars Petter Degnepoll i Lotteritilsynet, som gir økonomisk støtte til «Bortekamp», fortel at problemet med speleavhengnad er stort.

– Me har nettopp fått ei undersøking frå Universitetet i Bergen som syner at rundt 55.000 i Noreg har problem med speleavhengnad, seier han.

Han seier problemet er allment og råkar i alle lag av folket, men at enkelte grupper kan vere ekstra utsett.

– Idrettsutøvarar har jo ofte ein del pengar mellom hendene, og ekstra tid, seier han.