Tre kandidatar er høgaktuelle til å fylle dei sikre stortingsplassane for Sogn og Fjordane. Alle tre er menn.

Det går mot full utskifting på Sogn og Fjordane-benken.

Det kan bli ei mannstung fornying av stortingslistene i Sogn og Fjordane. Øvst frå venstre Erling Sande (Sp), Hilmar Høl (Ap), Tore Storehaug (KrF) og Olve Grotle (H).
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Alle dei fire plassane på Stortinget frå Sogn og Fjordane er i no i spel. Det blei klart etter at Ingrid Heggø (Ap), Frida Melvær (H) og Liv Signe Navarsete (Sp) gjorde det klart at dei ikkje tek ein ny periode i politikken.

På den fjerde plassen sit Tore Storehaug (KrF). Han er inne på utjamningsmandat, og sit derfor utrygt.

I alle partia er det førebels langt fram til stortingslista er endeleg vedteken. Likevel er det i fleire parti nokon som stikk seg meir ut enn andre som mogelege kandidatar, melder kjelder i dei ulike partia.

Det viktigaste er kven som stiller for Senterpartiet, Ap og Høgre, som er dei tre store partia i eks-fylket. Her kan det bli Erling Sande, Hilmar Høl og Olve Grotle: ein direktør på 41 og to ordførarar i femtiåra.

Alle tre er menn. Det er langt mellom kvar gong ei kjelde peikar på ei kvinne til fyrsteplassen i desse tre partia no. Så skal det seiast at alle karane, dersom dei blir valde, tek over etter kvar sin kvinnelege representant.

Les også

Podkast: Har han rett i at skarring er stygt?

Trenden er lik i så godt som alle parti, med nokre heiderlege unntak. Når folk i partia blir bedne om å peike på kven dei trur kan vere mest aktuelle til å toppe stortingslistene, er det gjerne godt vaksne karar som blir nemnt.

Spørsmålet er om dei ulike partia har gjort ein god nok jobb med dyrke fram unge talent.

Men kven er mest aktuelle til å toppe listene? Her er mine beste tips.

Senterpartiet: Det ser ut til å vere brei oppslutning om Erling Sande. Han er i dag ein av direktørane i Sogn og Fjordane Energi. Sande er frå Bremanger og busett i Gloppen. Han sat på Stortinget i åtte år som vara for Navarsete då ho var statsråd.

Arbeidarpartiet: Mange peikar på at årdalsordførar Hilmar Høl vil vere ein samlande kandidat om han vel å stille opp. Problemet er at han blei ordførar i haust, og at det kanskje er for tidleg å sigle vidare no.

Då blir det peika på folk som Stig Ove Ølmheim i Sogndal, Torbjørn Vereide frå Sandane og Kristin Maurstad frå Bryggja.

Les også

Jens Kihl: Sp-dronninga abdiserer

Høgre: Neste haust har Olve Grotle vore ordførar i ti år samanhengande i Førde og Sunnfjord. Han er den mest profilerte lokalpolitikaren Høgre har i fylket.

Sunnfjord Høgre har no spelt inn namnet hans til nominasjonsnemnda. Det blir sagt at han er ein av få Høgre-politikarar i Sogn og Fjordane som faktisk blir lytta til av partiet sentralt.

Dei neste partia vil måtte kjempe om utjamningsmandatet. For å vere med i kampen om dette, må partiet nasjonalt kome over sperregrensa på fire prosent.

KrF: Her er det lite som tyder på at ikkje Tore Storehaug ønskjer ein ny periode på førsteplass. Han har vore deira stortingsrepresentant i fire år, og han blir nok ikkje utfordra om han stiller.

Framstegspartiet: Britt Dalsbotten frå Bremanger var førstekandidat sist, men ho har ikkje avklart om ho ønskjer ein ny periode. I Frp verkar det som det ikkje er heilt lett å motivere folk til å stå høgt på stortingslista. Det kan bli mykje arbeid utan å kome inn. Partiet manglar tydelege profilar i Sogn og Fjordane.

Les også

Frp vurderer å kaste 17 bergensarar ut av partiet: – Vi føler oss okkupert

SV: Partiet har dei siste åra hatt Vibeke Johnsen på topp. Ho ønskjer ikkje ein ny periode, og her er stalltipset at glopparen Hege Lothe er aktuell. Ho er leiar i Vestland SV.

Her er det berre å ile til og nemne at eg er dundrande ugild. Lothe er ein ven av meg og vi var mellom anna kollegaer i Noregs Mållag.

Venstre: Dei to siste vala har Sveinung Rotevatn stilt på førsteplass. No har han lansert seg sjølv som partileiarkandidat.

Skulle han bli valt, vil han nok freiste å få plass på ei liste som gjev ein sikrare stortingsplass enn Sogn og Fjordane-lista. Men om han ikkje blir partileiar finst det nok ikkje ledige plassar for han i andre fylke.

Han kan få motstand på heimebane om han skulle ville stille frå Sogn og Fjordane. Det går diskusjonar om kor vidt han er rett mann til å toppe lista. Kanskje blir han utfordra av tidlegare Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang eller Stad-ordførar Alfred Bjørlo.

Det er gode sjansar for at Raudt og MDG bryt sperregrensa nasjonalt. Då er også dei med i kampen om det siste mandatet frå Sogn og Fjordane. I båe partia er det ganske uklart kven som kan vere aktuelle.

Sveinung Rotevatn toppa Venstre-lista i 2013 og 2017.

MDG: Odd Bovim kan vere eit namn her. Han er nestleiar i Vestland MDG og sit i Kinn kommunestyre. Bovim har også fartstid som Venstre-politikar.

Raudt: I same kommunestyre sit Geir Oldeide. Han var den tydelegaste motstemma i gamle Vågsøy kommune mot å slå seg saman med Flora. Dermed fekk Raudt nesten ti prosent i Kinn, eit nesten sensasjonelt godt resultat.

Det er nok lite truleg at det blir akkurat desse ni som stiller på førsteplassane neste haust, men i dag er dette kandidatane kjelder i partia snakkar varmt om.

Så vil kampar mellom fogderia Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, mellom indre og ytre delar av valkrisen og mellom fløyer i partia spele inn.

Det er jo Sogn og Fjordane. Her kan folk maktspel.

Publisert: