Er ulven Lucky verd meir enn 350 saueliv? | Dordi Boksasp Lerum

  • Dordi Boksasp Lerum (17)
Dordi Boksasp Lerum (17), medlem i Senterungdommen, synes vi bør sette sauebøndenes interesser foran ulvens.

Det at det no er ein ulv som går og spankulerer rundt Sognefjorden, gjer meg trist.

Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes inn her.

Anette Marcussen frå Grøn Ungdom skriv i Aftenposten 27. mai at «Ulven Lucky fortjener å leve». Det er eg usamd i.

Lucky må dø

Ulve- og rovdyrdebatten er ei betent sak i Noreg. Det er steile frontar og sterke kjensler på begge sider. Likevel vonar eg vi kan halde hovudet kaldt og sjå på det med eit så objektivt blikk som mogleg.

Marcussen refererer til ulven Lucky i innlegget sitt. Lucky spankulerer rundt Sognefjorden og tek livsgrunnlaget frå bøndene som kvar dag jobbar for at vi skal få verdas beste kjøt på bordet. Det er fleire grunnar til at Lucky bør avlivast.

Lucky er langt utanfor ulvesona, og han høyrer ikkje heime på Vestlandet. Dessutan er det feil at eitt ulveliv skal vege tyngre enn 350 saueliv.

Dordi Boksasp Lerum (17), medlem i Senterungdommen.

Tar husdyra og maten

I følgje undersøkingar var cirka 16.900 rapportert drepne av rovvilt i Noreg kvart år. Det er grunn til å tru at mørketala er enorme. Eg er sjølv oppvakse på sauegard innerst i Sognefjorden, og kvart år missar vi fleire av sauene og lamma våre til rovvilt.

År etter år kan vi finne sauer med skadar som tilseier at sauen har måtte hatt ein lang og forferdeleg død. Er det etisk rett?

Rovdyrdebatten handlar fyrst og fremst om bøndene, om husdyra, om maten vår. For i Noreg har vi verdas beste landbruk, som produserer dei beste varene. Sjølvsagt skal matproduksjon gå framfor omsynet til russisk-finsk ulv og ein jerv som tek seg eit lam i ny og ned.

Marcussen nemner ogso det med overfylte fryselager. Eg er samd i at det er uheldig med overfylte fryselager, men det at ulven tek sau går fyrst og fremst ut over inntektskjeldene til bøndene, ikkje over fryselagra.

Det gjer meg trist

Det at det no er ein ulv som går og spankulerer rundt Sognefjorden, gjer meg trist.

Det gjer meg trist å tenkje på alle sauane, hjortane og reinane som brutalt blir drepne fordi ulven tek seg ein bit no og då når det passar han.

Og det gjer meg trist å tenkje på alle bøndene som missar dyra dei er so glade i, og som dei faktisk har basert livet sitt på.

Ja til ein rovdyrpolitikk der omsynet til matproduksjon veg tyngst!

Les også

Hvorfor gir vi oss selv retten til å ta ulvens liv? | Anette Marcussen

Les også

Kva med oss i grisgrendte strøk? | Dordi Boksasp Lerum


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.