Tarald (29) måtte kaste seg inn i ein bil for å sleppe unna snøskredet

– Då eg såg at frontruta var knust, skjøna eg kor gale det kunne ha gått, seier Tarald Harstads.

Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

29-åringen var på veg opp Strynesvingane med sykkel då han brått høyrde buldringa i fjellet.

Buldringa skuldast snøskred som nett hadde losna ved Skora på Strynefjellet.

Den vande syklisten har sett ras i området fleire gonger før, men då han snudde seg opp mot fjellsida for å sjå kor lyden kom frå, skjøna han straks at det var alvor.

Det var VG som først melde om saka.

– Raset var enormt, seier stryningen.

29-åringen slapp unna med berre nokre små sår og skrammer.

Hoppa av sykkelen

29-åringen frykta det ville kome sterk vind som følgje av det store raset. Han snudde brått, og sykla det han kunne nedover bakkane.

– Det gjekk berre nokre sekund før vind og isspruten stod rundt meg. Så blei eg pressa inn mot fjellveggen.

Syklisten hoppa av sykkelen og forsøkte å kome seg vidare til fots.

Men vind og steinmassar pressa han ukontrollert nedover. Om lag 20 meter nedanfor der han gjekk av sykkelen, såg han ein bil kome ryggande mot han.

– Eg greidde å ta tak i dørhandtaket i baksetet på bilen og fekk dratt meg inn i bilen.

Frontruta knust

Saman med sjåføren og ein annan passasjer, blei Harstads sitjande i bilen fram til raset stoppa.

Først då alt hadde roa seg innsåg 29-åringen at frontruta på bilen var knust av ein stein.

– Då kjende eg kor høg pulsen min var. Eg var rimeleg letta for at eg ikkje blei treft av den steinen.

29-åringen kom frå det med nokre små skrammer. Det takkar han dei to personane i bilen for, seier han.

– Eg veit ikkje kven dei er. Men eg set enormt pris på det dei gjorde. Bilen var på ein måte hell i uhellet.

Publisert: