Hopp til innhold

Tenåringar tek eliteserien med storm – debutant takkar koronapausen

BÆRUM/STAVANGER/ÅLESUND (NRK): 18-åringane Emil Konradsen Ceide, Henrik Heggheim og Filip Jørgensen er blant unggutane som har imponert i sesongstarten. Mange kampar på få dagar gjer at fleire unge får sjansen.

Emil Ceide, Henrik Heggheim, Filip Jørgensen og Kornelius Normann Hansen

TALENT: Emil Ceide (Rosenborg, frå venstre), Henrik Heggheim (Viking) og Filip Jørgensen (Odd) har hatt ein god start på eliteserien.

Foto: NTB SCANPIX

Berre fem rundar er spelte, men kampprogrammet tærer allereie på klubbane i eliteserien. Det gjer at nye stjerner får sjansen.

I Ålesund gjorde trenar Lars Bohinen sju endringar på laget før kampen mot Mjøndalen.

I Stavanger blei Viking-debutanten Henrik Heggheim kåra til banens beste.

I Bærum fekk nok ein spelar frå akademiet sjansen frå start.

– Eg har alltid vore positiv til det. Vi må tore å bruke talenta viss norsk fotball skal ta steg, seier NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.

Eliteserien fotball 2020, Molde - Stabæk (4-1)

FRÅ START: Magnus Strandman Lundal starta kampen mot Strømsgodset. Her frå bortekampen mot Molde, der han blei bytta inn ni minutt før slutt.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

20 år gamle Magnus Strandman Lundal spelte på Stabæk-midtbane saman med Hugo Vetlesen og Emil Bohinen, to andre unggutar som har gått gradane i klubben. Så langt i sesongen har Tortol Lumanza spelt, men han var ikkje klar for 90 minutt etter ein smell i førre kamp.

– Hadde det ikkje vore så tett, hadde kanskje Lumanza blitt klar. Då hadde eg kanskje fått nokre innhopp i år. At eg startar er nok grunna koronaen, seier Lundal.

Torp peikar på to årsaker: økonomi og kampprogrammet.

– Kampane kjem veldig tett, det er stor belastning og skaderisiko for spelarane. Laga hadde ein tøff runde som gjer at breidda i troppen må vere yngre enn den har vore, seier Torp.

Meiner byta har tvinga seg fram

Trenar Jan Jönsson fekk meir å smile for. Laget vann 2-0, Lundal debuterte frå start og i sluttminutta kom nok ein unggut inn. Nicolas Pignatel Jenssen spelte sine første minutt i eliteserien.

Kampens store spelar? 19 år gamle Kornelius Normann Hansen, som scora begge måla for Stabæk.

– Det byggjer opp klubben og vår profil. Og det byggjar opp individa, seier Jönsson.

Eliteserien i fotball 2020: Stabæk - Strømsgodset (2-0)

GIGANT: Kornelius Normann Hansen er 19 år gamal, men herja med Strømsgodset.

Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

Eliteserien starta i juni, og laga spelar to kampar i veka. Belastninga gjer at spelarar ikkje tole å spele alle kampar, og trenarane blir tvinga til å sleppe til yngre krefter.

Til dømes gjorde Aalesund-trenar Lars Bohinen sju endringar før kampen mot Mjøndalen.

– Vi gjer ein del byte, det går på slitasje. De (bytta) har tvinga seg fram. Elles manglar vi sju spelarar som normalt hadde spelt i dag, sa Lars Bohinen til Eurosport før kampen.

Parfait Bizouza debuterte frå start, og spelte hele kampen på Aalesund-midtbanen.

– Det var herleg endeleg å få spele, det var første kamp på tre-fire månader, seier Bizoza til NRK.

Eliteserien 2020: Viking - Sandefjord (2-0)

KLAR: Henrik Heggheim blei kåra til banens beste, og spelar gjerne neste kamp.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Det blei 1-3-tap for AaFK, men Bizoza innser at han må brette opp ermene, sjølv om han er blant dei yngre i troppen.

– Vi må alle gå saman og gjere ein jobb. Vi kan ikkje vere nøgde med å tape fotballkampar. Vi må prøve å vinne, seier han til NRK.

19-åring kåra til banens beste

I Stavanger fekk ein anna nykomling tillit. Henrik Heggheim har gått gradane i Viking og sto fram til i går med 21 kampar for rekruttlaget. Onsdag blei han kåra til banens beste av både VG og Eurosport. «Drømmestart for debutanten», skreiv lokalavisa Stavanger Aftenblad.

– Prestasjonen er veldig bra. Han innfridde alt eg hadde håpa han skulle vise, seier trenar Bjarne Berntsen.

– Det var heilt fantastisk, seier ein ekstatisk debutant til NRK.

Eliteserien 2020: Viking - Sandefjord (2-0)

KLAR: Henrik Heggheim blei kåra til banens beste, og spelar gjerne neste kamp.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

– Eg hadde gleda meg til å få spele, og har vore spent den siste natta. Det er kjekt å høyre at trenaren var nøgd, seier Heggheim

– Forventar du å spele frå start neste kamp?

– Nei, men eg er klar viss han sender meg ut igjen.

– Må vere forsiktig

Ein annan som var klar var 2001-modellen Emil Konradsen Ceide. Med Samuel Adegbenro skada briljerte 18-åringen på Rosenborgs venstrekant mot Vålerenga. Han er ein av få spelarar som har fått godkjent så langt i ein mager Rosenborg-sesong.

Branns midtstoppar Ole Martin Kolskogen er også fødd i 2001 og har vore eit stjerneskot i Brann-forsvaret. Torsdag blei han kåra til banens beste i kampen mot Sarpsborg 08.

Også i Skien dukkar nye talent opp. Filip Jørgensen (18) storspelte i debuten mot Vålerenga i 3. runde.

– Eg synest nivået er veldig høgt. Det er ofte dei som blir best, dei som spelar mykje seniorfotball, seier fotballekspert Torp.

Det er berre spelt fem rundar i eliteserien, og fleire har allereie fått sjansen. Difor kjem Torp med ei åtvaring.

– Ein må vere forsiktig. Viss det blir for mange, kan det vatne ut nivået. Det er ein viktig balanse. På sikt vil det heve nivået, men ein må gjere det på ein fornuftig måte.

Eliteserien fotball 2020: Rosenborg - Vålerenga (1-1).

KVIKK: Emil Konradsen Ceide spelte ein god kamp mot Vålerenga.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Siste nytt

  • Børven skadd før serieåpningen

    Odd-spissen Torgeir Børven fikk en smell i lysken på trening skjærtorsdag og går trolig glipp av eliteseriestarten hjemme mot Haugesund, melder Varden.

    Børven var ikke å se på Odds treningsfelt fredag. Kampen mot Haugesund spilles 1. påskedag, og spissen har fortsatt en liten hevelse i lysken, skriver Varden.

    – Torgeir er ikke bra nok til å trene i dag. Men det er for tidlig å si hvor lang tid dette vil ta. Vi tar dag for dag. Torgeir gikk av i går for ikke å ta noen sjanser, sier trener Kenneth Dokken til avisen.

    (NTB)

    Portrett av Odds Torgeir Børven fotografert på Skagerak Arena
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Dobbel punktering for Solberg i Kenya

    Oliver Solberg havnet i ordentlig trøbbel under fredagens formiddagsøkt i Rally Kenya. Både på den tredje og den fjerde fartsprøven punkterte 22-åringen.

    Dermed er han mer enn sju minutter bak teten i det totale sammendraget, mens det opp til lederen i WRC2-klassen skiller rett i underkant av fire minutter.

    Etter solid kjøring på fredagens første fartsprøve gikk det galt tidlig på den andre. Et dekkskifte kostet 22-åringen nær to minutter.

    – Vi kjørte rent, men disse tingene kan skje når terrenget er så krevende, skrev Solberg på X.

    En drøy time senere punkterte Solberg og makkeren Elliott Edmondson igjen, og nesten fire nye minutter gikk tapt.

    – Fartsprøve nummer fire brakte med seg samme uflaks som den tredje. Vi har ikke marginene på vår side, men alt kan skje i dette rallyet. Herfra og ut er det fullt trykk på pedalen, skriver 22-åringen.

    (NTB)

    OU7SVdPdOTc
    Foto: AFP
  • Dimitrov feide Alcaraz ut av Miami Open

    Grigor Dimitrov sto for kvartfinalenes overraskelse da han slo førsteseedede Carlos Alcaraz i strake sett i Miami Open.

    Den 11.-seedede bulgareren vant 6-2, 6-4 og satte opp et semifinalemøte med den solide tyskeren Alexander Zverev.

    I den andre semifinalen skal Daniil Medvedev og Jannik Sinner opp mot hverandre.

    (NTB)

    YNP63FKdBtg
    Foto: AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal